Geologi og geofare

Bachelor, høsten 2017

Er du interessert i klimaendringar og naturkatastrofer? Eit stadig meir ekstremt klima har ført til eit større behov for geologar med kompetanse på geofarar som skred, flom og tsunami.

Studiet gir deg kompetanse til å arbeide praktisk med problemstillingar knytt til geofarar som ras, ustabile grunntilhøve, radon, flaum med meir.

Vi er tett på bre, fjell og fjord, og brukar naturen rundt Sogndal som klasserom gjennom ekskursjonar og feltarbeid.

Du lærer

  • om geologi og geologiske prosessar
  • om geofarer som skred, flom, tsunami, jordskjelv og klimaendringar, og korleis desse kan avdekkast og overvakast
  • om geologiske ressursar som mineral, vatn og olje
  • å bruke geologiske verktøy som kart, georadar, GIS og GPS
  • å lage geologiske kart (skredfare, jordartar og strukturar i fjell)
Les om geologiyrket på Utdanning.no.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, labøvingar og gruppearbeid. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. I fjerde semester foregår undervisninga på engelsk.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi byrjar på neste emne.

Kva kan du jobbe med?

  • Ulike jobbar innan miljøsektoren, teknisk etat i kommunar og konsulentfirma
  • NVE, Statens vegvesen, kommunale selskap
  • Planleggarstillingar i kommune, fylkeskommune, statens vegvesen
  • Kartlegging, vurdering og overvaking av geofarer, også innan oljeindustrien

Vil du studere meir?

Du kan bygge på bacheloren din med Master in Climate Change Management i Sogndal.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i 5. semester. Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt omkring i verda. Sjå kor du kan reise

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!