En kvinne som ser på et nettbrett.

Informasjonsteknologi | Bergen

Bachelor

Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Då kan ei IT-utdanning i Bergen vere noko for deg!

Bergen

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203395

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere informasjonsteknologi?

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida, og med ein bachelor i informasjonsteknologi er arbeidsmoglegheitene mange.

Datasystem blir brukt på dei fleste område, for eksempel i helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning. Med ei IT-utdanning vil du ofte jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk.

Gjennom studiet i informasjonsteknologi lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet. 

Du lærer 

  • grunnleggande programmering
  • korleis ein kan samarbeide om større programmeringsoppgåver
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

I siste del av IT-studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar

  • Programutvikling og -arkitektur
  • Drift av datasystem og skyløysingar
  • Web- og mobilteknologi
  • Datagrafikk og brukarinteraksjon
  • Kunstig intelligens og algoritmar

Vi tilbyr denne utdanninga på heiltid i Bergen, Førde og Haugesund. Det kan vere lurt å søke fleire stader.

Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi?

Informasjonsteknologi har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

Korleis er undervisninga?

IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Praksis på informasjonsteknologi

I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

Kor kan du reise?

Studere meir?

Etter fullført bachelor i informasjonsteknologi kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like