Branningeniør

Bachelor, høsten 2017

Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar som arbeider for å hindre brann og eksplosjonar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann. Høgskulen på Vestlandet utdannar branningeniørar til jobb i førebyggande avdeling i brannvesenet, konsulentselskap, branntekniske firma, byggenæringa og verdas mest avanserte olje- og gassindustri.

Plassert på Vestlandet ligg høgskulen midt i hjarte av næringa som jobbar mot olje- og gassfeltene i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for Noregs olje- og gassverksemd med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd. Olje- og gassindustrien, brannvesenet og byggenæringa treng kvalifiserte medarbeidarar som kan drive innovasjonsarbeidet for å sikre at dei er konkurransedyktige.

HVL er den einaste høgskulen i landet som tilbyr denne utdanninga, og kompetansen din blir sterkt etterspurt i både privat og offentleg næring.

Undervisningsmåtar

Sentrale tema i utdanninga er brannfysikk, risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem. Utdanninga er organisert gjennom forelesinger, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har eige brannlaboratorium i høgskulebygget der vi utfører øvingar og testar.

Det blir òg opna for studieturar i inn- og utland.

Kva kan du jobbe med?

Mange ferdigutdanna branningeniørar arbeider med spennende oppgåver innanfor område som: brannbefal i brannvesenet si førebyggande avdeling, brannsikring i byggenæringa eller brannsikring i offshorenæringa. Ved å bygge vidare til mastergrad, for eksempel innan brannsikkerheit, blir du enda meir aktuell til sikkerheitsrelaterte jobbar innan olje- og gassindustrien.

Det er bare HVL som tilbyr denne utdanninga i Noreg!

Vil du studere meir?

Fullført bachelorgrad gir moglegheit til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du ta Master i Brannsikkerheit.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Dette gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du tapar ikkje tid dersom dette skulle vore aktuelt.

Kor kan du reise?

Ingeniørutdanningar ved HVL, campus Haugesund