Elektroingeniør, Y-veg

Bachelor, høsten 2017

Har du fagbrev innan elektrofag, kan du ta ingeniørutdanning ved HVL! Elektroingeniørstudiet på campus Haugesund gir deg spesialisering inn mot jobbar innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem. Det er eit såkalla Y-veg-studium, det vil seie at det har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Plassert på Vestlandet ligg høgskulen midt i hjarta av næringa som jobbar mot olje- og gassfeltene i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for olje- og gassverksemda i Noreg med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd. Industrien treng kvalifiserte medarbeidarar som kan drive innovasjonsarbeidet for å sikre at dei er konkurransedyktige.

Undervisningsmåtar

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Etter enda studium (180 studiepoeng) får kandidaten graden Bachelor i ingeniørfag. Fullført bachelorgrad gir høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt.

Kva kan du jobbe med?

Som elektroingeniør kan du jobbe innan petroleumsrelatert industri, oljeserviceselskap med automatisering og instrumentering, landbasert industri med automatisering av produksjonslinjer, bedrifter med utvikling av kommunikasjonssystem, i energibransjen eller ulike konsulentverksemder.