Maskiningeniør

Bachelor, høsten 2017

På maskiningeniørutdanninga på campus Haugesund kan du velje å spesialisere deg innan konstruksjon av utstyr som skal fungere i eit maritimt miljø, eller innan design, modifikasjon og drift av prosessanlegg. Profilretningane våre gir deg ei spesialisering inn mot jobbar innan undervassteknologi, konstruksjons- og verftsbedrifter og prosessindustri. Oljefunn på stadig djupare vatn har gjort det nødvendig å utvikle stadig meir avansert teknologi. Vi svarer òg på nye utfordringar ved å inkludere fornybar energi i utdanninga.

Studiet er utvikla i tett samarbeid med næringslivet i regionen. Haugesund er midt i ei klynge av bedrifter som har spesialisert seg innan undervassteknologi. Dette er teknologi som ikkje berre blir brukt i Nordsjøen, men som òg er viktig for oljeindustrien i andre delar av verda. Regionen har fleire verft som er spesialisert mot offshoreverksemd, samt eit av verdas største gassbehandlingsanlegg.

Undervisningsmåtar

For å gi studentane spisskompetanse inn mot denne næringa tilbyr høgskulen to fordjupingar:

Marin konstruksjonsteknikk.

Prosess-og energiteknikk.

Studentar som tar fordjuping innan Marin konstruksjonsteknikk spesialiserer seg innan konstruksjon av strukturar og utstyr som skal fungere i et maritimt miljø. Det kan for eksempel vere utstyr til bruk på plattformar, i undervassinstallasjonar eller i vindmøller. Teknisk teikning og berekningar står sentralt.

Studentar som tar fordjuping innan Prosess- og energiteknikk spesialiserer seg innan design, modifikasjonar og drift av prosessanlegg i landbasert og offshorebasert industri. Studiet fangar opp utviklinga mot meir bruk av undervassteknologi framfor plattformer, samt utviklinga av fornybar energi.

Kva kan du jobbe med?

Som maskiningeniør kan du jobbe i industribedrifter, som for eksempel i petroleumsrelatert industri, verkstadsindustri og prosessindustri. Ein kan òg jobbe i transportsektoren, i kommunar, hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag, hos kontrollmyndigheter eller i ingeniørfirma med rådgiving. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.

Vil du studere meir?

Fullført bachelorgrad gir moglegheit til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved å ta nokre ekstra emne i brannsikkerheit, kan du søke opptak til HVL sin Master i Brannsikkerheit.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar over heile verda som gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du tapar dermed ikkje tid dersom dette er aktuelt.

Kor kan du reise?

Ingeniørutdanningar ved HVL, campus Haugesund