Innovasjon og entreprenørskap

Master, høsten 2017

Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeider med Universitetet i Oslo (UiO) om masterprogrammet Innovation and Entrepreneurship. Utdanninga gir deg ei solid plattform innan innovasjons- og teknologileiing. Slik får du eit utmerka utgangspunkt for ei karriere innan teknologileiing eller prosjektleiing for teknologibedrifter. Du får eit godt grunnlag for å arbeide med ny teknologi, nye produkt og nye arbeidsprosessar. Du kan få spanande arbeidsoppgåver i ulike typar etablerte verksemder, som konsulent for andre, eller du kan starte opp di eiga verksemd.

I to periodar blir studentane utplasserte i relevante bedrifter. I 2. semester er studentane tre månader i Houston i USA, som ein del av Gründerskulen. Utplassering i ei relevant bedrift i Bergensregionen skjer 3. semester. Undervisninga skjer ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen, med unntak av utanlandsopphaldet med Gründerskulen.

I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du kan velje mellom tema som er knytte til masteren sine emnemodular.

Masterprogrammet i innovasjon og entreprenørskap er eit likeverdig samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Oslo. Universitetet i Oslo er ansvarleg for opptak til studiet. Dette er ein realfagleg master i teknologileiing. Programmet gir ei innføring i teknologileiing, med fokus på innovasjon og ny verksemd. Programmet eignar seg særleg godt for deg som har ingeniørutdanning, men kan også passe for deg som har annan liknande realfagleg bakgrunn.

HVL tilbyr et parallelt masterprogram i Innovasjon og leiing, samfunnsfagleg retning.

Utveksling

I andre semester inngår kurset i Gründerskulen, med enten eit utanlandsopphald eller eit opplegg i Bergensregionen.

Studieplanen kan tilpassast dine eigne forutsetningar og interesser slik at det i tillegg blir mogleg for deg å nytte deg av andre utvekslingsavtalar ved HVL.