Kjemiingeniør (prosessteknologi/miljøteknologi)

Bachelor, høsten 2017

Studieretningar: Prosessteknologi/Miljøteknologi

Landet vårt er rikt på naturressursar. Korleis kan vi utnytte ressursane utan å skade naturen? Som kjemiingeniør kan du vere med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

Vi omgir oss med kjemi. Kjemi er læra om stoff, deira eigenskapar, samansetjing og reaksjonar. Fagfeltet kjemi er derfor viktig for ei rekke område. Du kan vere med på å løyse framtidas utfordringar innan miljø, klima og energiforsyning. Du kan bidra til utvikling og bruk av ny teknologi i olje og gassnæringa eller i annan industri. Du kan bli involvert i utvikling av materiale/produkt eller nye stoff i medisinar. Du kan kome i kontakt med nanoteknologi.

Ved kjemiingeniørutdanninga vil du lære om oppbygging, verkemåte og drift av industrielle prosessanlegg og av moderne laboratorieinstrumentering. Du vil også få kunnskapar om miljøanalysar, reinseteknologi og bruk av datateknologi.

Kjemiingeniørutdanninga er tilpassa behovet til næringslivet i regionen, og er utvikla i samarbeid med relevante aktørar i privat og offentleg sektor. Studiet gir deg gode teoretiske og praktiske kunnskapar, og gjer deg godt rusta til framtidige arbeidsoppgåver. Dei to første åra er utdanninga brei og sams for alle kjemiingeniørstudentane. I tillegg til fleire grunnleggande og tekniske kjemifag er det eit vesentleg innslag av realfag (matematikk, statistikk/kjemometri og fysikk) og samfunnsfag (prosjektarbeid, økonomi, leiing og entreprenørskap).

Det siste året vel du mellom to fordjupingar:

  • Prosessteknologi
  • Miljøteknologi

Her inngår studieretningsfag som er knytt opp mot den valde fordjupinga.

Studieretninga i prosessteknologi har fokus på industrielle prosessanlegg og korleis dei verkar, for eksempel dei som blir brukte i raffinering til utvikling av ferdige produkt (bensin, flydrivstoff) frå olje og gass. Du lærer om stoffoverføringsprosessar samt varmetransport og varmeoverføringsprosessar. I tillegg får du ei innføring i korleis prosessar og instrumentering blir overvaka og styrt via datakommunikasjon.

Studieretninga i miljøteknologi har fokus på grøn kjemi som handlar om korleis du reduserer eller helst hindrar forureining. Vidare lærer du om vasskvalitet og vassbehandling/reinsing av drikkevatn samt avløpsvatn frå industri, fiskeoppdrett og kommunalt avløp. Du får kunnskapar om prøvetaking, prøvebehandling og kvalitetssikring av analyseresultat. Du får ferdigheiter i å arbeide nøyaktig.

I siste vårsemester skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (hovudprosjektoppgåve) i samarbeid med to eller tre studentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved HVL eller eksternt, også i utlandet.

Undervisningsmåtar

Allereie frå første semester vil du få kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteførelesningar. Det blir også lagt stor vekt på laboratorieøvingar og utrekningar ved bruk av dataprogram der du får prøve ut problemstillingar frå teoriundervisninga. Evna til å samarbeide er viktig og dei praktiske øvingane samt rapportskriving utførast i ofte i grupper.

Kva kan du jobbe med?

Kjemiingeniørutdanninga er ei brei og allsidig utdanning som er etterspurd i næringslivet. Du blir kvalifisert til spanande samt varierte jobbar innanfor både privat og offentleg sektor, i eit breitt spekter av verksemder. Visste du at svært mykje av verdiskapinga i norsk industri ligg på Vestlandet?

Dei tidlegare studentane våre jobbar i ingeniør- og oljeselskap samt kjemikalie- og laboratorieselskap. Fleire er tilsette i prosessindustrien, men også i næringsmiddelindustrien. Mange arbeider i stat eller kommune som for eksempel i Vass- og avløpsetaten. I tillegg er havbruksnæringa veksande.

Arbeidsoppgåvene til ein kjemiingeniør kan omfatte planlegging av laboratoriearbeid eller prosjektering av prosess-/produksjonsanlegg ved bruk av dataprogram. Du vil ha ansvar for installasjon, oppstart, kontroll samt drift/vedlikehald av prosessanlegg og analyseinstrument. Du kan arbeide ute i felt med for eksempel miljøovervaking. Du kan arbeide i produksjonen eller gjere kjemiske analysar i analyselaboratorium. Du kan jobbe med HMS (helse, miljø og tryggleik) eller med forsking og utvikling.

Vil du studere meir?

Kjemiingeniørutdanninga dannar grunnlag for at du kan søke på ulike mastergradstudium ved andre utdanningsinstitusjonar eller på ein master i innovasjon og entreprenørskap ved HVL.

Utveksling

Det er lagt til rette for at du kan ta 4. semesteret av utdanninga ved Cape Peninsula University of Technology i Cape Town (Sør-Afrika). Det er også lagt til rette for at studieopphald i Belgia, Canada og Ungarn kan gjerast i 5. og 6. semester. Om du ønsker eit utanlandsopphald, ta kontakt med instituttet i god tid for å få avklart kva slags fag du bør ta.

Kor kan du reise?