Kommunikasjonssystem

Master, høsten 2017

Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeider med Universitetet i Oslo (UiO) om masterprogrammet Informatikk: programmering og nettverk. Dette mastertudiet gir deg spesialisering innanfor datakommunikasjon. Masterutdanninga gir ei fordjuping i avansert nettverksteknologi, trådlaus kommunikasjon og datatryggleik. Masterprogrammet eignar seg godt for deg som har ein bachelorgrad i kommunikasjonssystem eller informatikk.

Forelesningar i Oslo blir videooverførte til Bergen. UiO er fagleg ansvarleg for studiet og tildeler mastergraden. Både HVL og UiO er ansvarleg for rettleiing av masteroppgåvene og for undervisning i kurs/emne. Av 120 studiepoeng er 60 studiepoeng teori, og 60 studiepoeng er ei skriftleg oppgåve. Masteroppgåva definerast i stor grad i samarbeid med det regionale næringslivet. Både teoridel og oppgåve kan utførast i Bergen. Nokre reiser til Oslo må likevel reknast med, og dekkast av studenten.

Kva blir du kvalifisert for?

Etter avslutta utdanning vil du ha opparbeidd deg spisskompetanse innanfor datanett, internett og mobil kommunikasjon. Du vil då kunne vere med på å utvikle teknologiar og løysingar for framtidas kommunikasjonsnett. Du vil vere godt rusta til å arbeide med ulike typar løysingar for datakommunikasjon inkludert nettverk for mobiloperatørar og internettoperatørar. Du kan også velje å gå vidare mot eit Ph.d.-studium og ein forskarkarriere.

Med mastergrad i kommunikasjonssystem kan du arbeide med IKT-infrastruktur i ei rekke større eller mindre bedrifter, eller du kan arbeide med forsking og utvikling innan IKT. Når du i tillegg har fått litt arbeidserfaring, vil du kunne gå inn som prosjektleiar for større utviklingsprosjekt innan IKT. Dei ferdige kandidatane er svært etterspurde i arbeidsmarknaden.