Kommunikasjonsingeniør

Bachelor, høsten 2017

Tar du det som sjølvsagt at du kan snakke i mobiltelefon på bussen eller tvitre på hyttetur? Kva er eigentleg trådlaust nett, kva er breiband og kva er streaming?

Kommunikasjonsingeniøren meistrar dei teknologiske utfordringane knytt til kommunikasjonsnettverk, sensornettverk, datainnsamling, telekommunikasjon, nye mobile tenester og generell datateknologi.

Ein kommunikasjonsingeniør planlegg, konstruerer og vedlikeheld avanserte system som støttar informasjonsutveksling, monitorering, dataoverføringar og kringkasting. Slike system brukast så som telekom, IT, oljeindustri og media.

Kommunikasjonsingeniørstudiet fokuserer på grunnleggande prinsipp innanfor datanettverk og telekommunikasjon. Denne bachelorutdanninga gir deg gode moglegheiter i næringslivet og ein solid basis for master-/PhD-studium innanfor kommunikasjon og relaterte emne.

Studiet dekker sentrale område innan nettverksteknologi, informasjonssystem, digital kommunikasjon og datatryggleik. Fagplanen omfattar også element frå Cisco Networking Academy og gir grunnlag for sertifisering som Cisco Network Associate (CCNA) og Cisco Network Professional (CCNP). Grunnlagsfag i studiet er datateknikk, elektronikk, matematikk, transmisjonsteknikk og systemutvikling.

Studiet er eit godt utgangspunkt for vidare mastergradstudium både i Noreg og i utlandet. Instituttet for elektrofag har etablert eit MSc-program innan fagområdet kommunikasjon, der fleire av studentane våre har valt å fortsette. Eksempel på andre relevante mastergradstudium i Noreg er 'MSc in Telematics' ved NTNU og 'Informatics: Programming and Networks' ved UiO.

Undervisningsmåtar

Høgskulen sitt moderne kommunikasjonslaboratorium er utgangspunktet for teoretisk og praktisk tileigning av kompetanse og kunnskap. Arbeidsformer som blir lagt vekt på er forelesningar, praktisk prosjektarbeid og oppgåveløysing.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i grupper på 2-4 personar. Oppgåva utførast ofte i samarbeid med næringslivet og er ei realistisk ingeniøroppgåve.

Kva kan du jobbe med?

Som ferdigutdanna kommunikasjonsingeniør vil du ha uana karrieremoglegheiter. Kommunikasjon er eit område i vekst. Bedrifter innan alt frå oljeindustri, smarte heimar, mobilnett, miljøovervaking og helse/omsorg har bruk for deg som nyutdanna kommunikasjonsingeniør.

Kommunikasjonsstudiet er framtidsretta og har dei siste ti åra utdanna ei rekke kandidatar som har fått spanande og relevante jobbar i Statoil, Telenor, Siemens, TV2, ABB, Atea, Ceragon, osv.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med utdanningsinstitusjonar, mellom anna i New Zealand, USA, Danmark og Spania. Det kan leggast særleg til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?