Landmåling og eigedomsdesign

Bachelor, kull 2017

Har du nokon gong lurt på korleis ein tunnel kan møtast på midten sjølv om ein grev frå kvar side? Eller korleis ei plattform i Nordsjøen får den nøyaktige posisjonen sin langt ute på havet? Oppgåvene til landmålaren omfattar mellom anna oppmåling av grenser, utforming av eigedomar, forvaltning av eigedomsinformasjon og avklaring av rettsspørsmål. Landmåling omfattar også utsetting og innmåling av store konstruksjonar som bruer, vegar og bygg.

Landmålingsteknikkar har fått innpass i industrien, for eksempel ved dimensjonskontroll av oljeinstallasjonar. Geografiske informasjonssystem og avansert måleutstyr er viktige verktøy som du vil lære å meistre under studiet.

Både tekniske og juridiske fag er sterkt representerte i utdanninga. Du lærer mellom anna om moderne landmålingsmetodar og -teknologi, og om bruken av lovverk i eigedomsfaget. Undervisninga dekker heile prosessen frå for eksempel planlegginga av eit bustadområde og fram til eigedomen er registrert i offentlege register.

Du vil også lære om plassering og innmåling av bygg on- og offshore, under strenge krav om å vere nøyaktig. Bruk av geografiske informasjonssystem, val av målemetodar og utstyr, nøyaktigheit og presisjon står sentralt i arbeidet til ein landmålar.

Ved sidan av dei obligatoriske faga kan du velje mellom fleire valfag, som for eksempel industrilandmåling og laserskanning eller bustadrett og fordjuping i eigedomsseksjonering.

Undervisningsmåtar

Utdanninga har eit sterkt innslag av informasjonsteknologi og datastøtta læring. Studentane deltar også på feltkurs i landmåling, og besøker domstolane.

Kva kan du jobbe med?

Bachelorutdanninga gir ein kombinasjon av eigedomsfag og tekniske landmålingsfag som er svært etterspurde. Dei fleste jobbane finn du i private konsulentfirma, kommunar, jordskifteretten, vegvesenet og kartverket.

Utveksling

Det er lagt til rette for studentutveksling i siste semester. Du kan reise på utveksling til institusjonar i Spania og Australia.

Kor kan du reise?