Dramapedagogikk og anvendt teater

Master

Vil du jobbe med drama og teater i skulen? Eller som dramapedagog ved eit teater eller i kulturskulen?

Dette mastergradstudiet er eit kunstpedagogisk studium som bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, som krev at du har interesse og evne til å reflektere teoretisk.

Studiet gir høve til å utforske særtrekka i fagområdet frå teori til framføring. Som masterstudent kan det også vere høve til å delta i forskingsprosjekt med forskarar frå HVL og andre institusjonar.

Studiet føreset ein stor grad av sjølvstendig arbeid. I mastergraden inngår dramapedagogikk og teaterteori, kunstnarisk formidling/anvendt teaterprosjekt, vitskapsteori og akademisk skriving, fagspesifikk vitskapsteori med prosjektskildring, og masteroppgåve. Ein kan velje mellom to variantar masteroppgåve: Ei avhandling som monografi eller ei avhandling med dramapedagogisk- eller anvendt teaterproduksjon som praktisk komponent.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesning, seminar, individuell og kollektiv rettleiing, forestilling/workshop, samt sjølvstudium. itslearning er høgskulen sitt studiestøttesystem, og du må bruke dette aktivt.

Undervisning i form av fagkonferanse/ekskursjon inngår mellom dei aktuelle arbeidsformene. Kostnader ved denne undervisninga må dekkast av studenten sjølv.

Det forventast at du deltar aktivt med seminar- og prosjektframlegg i studiet. Dette set som vilkår aktiv studiedeltaking bunde til opphald ved studiestaden.

Praksis

Studiet inneheld praksis.

Kva kan du jobbe med?

Du kan søke undervisningsstilling i drama/ teaterfag i skule og høgare utdanning, kunstpedagogisk konsulentstilling i offentleg eller privat sektor, stilling som drama/teaterpedagog i teaterinstitusjonar og kulturskular, samt i andre verksemder som treng kompetanse innan dramapedagogikk og anvendt teater.

Kandidatar som ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning i bakgrunnen sin frå lågare grad, må ta slik utdanning i tillegg til mastergraden for å få undervisningskompetanse.

Mastergraden kvalifiserer til vidare forsking innanfor fagfeltet. Høgskulen på Vestlandet tilbyr doktorgradsstudium, Studium i danning og didaktiske praksisar, der fagfeltet drama/teater er ei fordjupingsmoglegheit.

Utveksling

Dramaseksjonen har fleire utanlandske samarbeidspartnarar, både i og utanfor Europa. Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i vårsemesteret i 1. studieår.

Kor kan du reise?