Undervisningsvitskap

Master, høsten 2017

Dette mastergradstudiet handlar om å studere undervisningspraksis, og om å utforske vilkår for læring og danning med fokus på matematikk, norsk, engelsk eller pedagogikk. Master i undervisningsvitskap er eit toårig studium. Ein kan søke opptak etter tre år på grunnskulelærarutdanninga. Det første året av mastergraden erstattar då det siste året av grunnskulelærarutdanninga.

Masterstudiet blir tilbyde med fordjuping i engelsk, norsk, matematikk eller pedagogikk. Du må ha 60 sp som grunnlag i fordjupingsfaget du vel. Vel du pedagogikkfordjuping må du i tillegg ha minst 30 sp i norsk, engelsk eller matematikk. GLU-studentar som startar på master som 4. år og vel pedagogikk fagfordjuping, vel norsk, engelsk eller matematikk som fagfordjuping 2. semester og tar pedagogikk som fagfordjuping i 3. semester.

Studentar som tar master som del av lærarutdanninga si, og som vel fordjuping i matematikk eller engelsk, kan få sletta inntil 50 000 kroner av gjelda i Lånekassa.

Studiet består av fem emne:

Emne 1: Lærararbeid (10 sp) og Emne 2: Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid (20 sp) er lagt til første semester.

Emne 3: Fleirfagsdidaktikk med vekt på eit av fordjupingsfaga norsk, matematikk eller engelsk (15 sp), saman med tilhøyrande fagfordjuping i emne 4 - del 1. Emne 3 og emne 4 - del 1 er lagt til andre semester.

Emne 4: Inneheld fordjuping i fagdidaktikk innanfor norsk, matematikk, engelsk eller pedagogikk. Emne 4 del 1 går parallelt med emne 3 i andre semester. I emne 4 - del 2 bygger studenten vidare på fagfordjuping i andre semester, eller vel fordjuping i pedagogikk. Emne 4 - del 2 er lagt til tredje semester. Del 1 og 2 er på 15 sp kvar, til saman 30 sp.

Emne 5: Masteroppgåva (45 sp) kan du byrje å arbeide med allereie i første semester, og tid er avsett til dette arbeidet i tredje og fjerde semester.

Undervisningsmåtar

Undervisninga skjer som forelesningar, seminar, gruppearbeid, felles prosjektarbeid, eigne litteraturstudium og individuell rettleiing. Nokre av seminara er obligatoriske. Undervisningsspråk er norsk og engelsk.

Det er forventa at studentane sjølv tar ansvar for framdrifta i studiet. Dette gjeld særleg i arbeidet med masteroppgåva, som set krav til sjølvstende og arbeidsdisiplin.

Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader mellom studentar med ulike fordjupingsfag og ulike masteroppgåver.

Praksis

15 dagar praksis i grunnskulen inngår i første år av studiet. Datainnsamling og dokumentasjon til masteroppgåva vil kunne hentast inn frå praksisfeltet.

Kva kan du jobbe med?

Studiet kvalifiserer for undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet og for arbeid i offentleg forvaltning innanfor utdanningssektoren. Det kan gi opptak til vidare forskarutdanning.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i samband med dei fagdidaktiske fordjupingane i emne 4, vanlegvis i haustsemesteret i 2. studieår.

Kor kan du reise?