Allmenn maskinteknikk

Bachelor, høsten 2017

Tannhjula i ein girkasse og gassturbinen i ein jetmotor er berre to av veldig mange maskiner som bokstavleg talt får samfunnet til å gå rundt. Maskiningeniøren blir gjerne omtalt som den "klassiske ingeniøren". Det er mange ulike dører opne for den allsidige maskiningeniøren. Det blir sagt om ingeniørar med maskinteknisk fagkrins at dei er som poteten, dei kan brukast til alt.

I studieprogrammet Allmenn maskinteknikk lærer du om dei grunnleggande maskinfaga, som mekanikk, maskindelar, teknisk varmelære, konstruksjonsteknikk, termisk energiproduksjon (motorar) og oljehydraulikk.

Utdanninga er bygd opp i nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er den mest industritunge regionen i Noreg, med eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Undervisningsmåtar

Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Vel du ei utdanning som maskiningeniør, får du ei generell ingeniørutdanning som gjer at du kan få jobb innanfor ei rekke fagfelt. Du kan arbeide mellom anna med konstruksjon, prosjektering, drift og vedlikehald.

For maskiningeniøren er det gode jobbar mellom anna i industrien, oljerelatert verksemd, offentleg verksemd, privat konsulentverksemd og salsservice.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Danmark, Storbritannia, Spania, USA og Canada.

Kor kan du reise?

Torbjørn skal bli ingeniør

Torbjørn Smith har heilt sidan han var liten vore fascinert av båtar, bilar og fly. Valet av studieretning vart derfor enkelt.