Kreative fag og læreprosessar

Master, kull 2017

Masterprogrammet i Kreative fag og læreprosessar er retta mot deg som har lærarutdanning, barnehagelærarutdanning eller bachelor med fordjuping i Kunst og handverk, musikk, norskdidaktikk og andre estetiske emne.

Kreative, munnlege og utøvande estetiske praksisar står sentralt i studiet. Studentane får oppdatert kunnskap om estetikk, kreativitet, tolkingslære og fagdidaktikk i tillegg til refleksjon over eigen erfaring knytt til oppgåver og masterarbeid. Studiet gir ny kunnskap om og erfaring med estetiske læreprosessar og kreativitet i opplæring og formidling.

Masterprogrammet er organisert i fagprofilar og fellesemne. Du kan velje mellom desse 4 fagprofilane:

Masterprogrammet kan gjennomførast både som deltid- og fulltidsstudie.

Undervisningsmåtar

Studiet gir til saman 120 studiepoeng. Av desse utgjer den valde fagprofilen 75 studiepoeng, inklusive det avsluttande masterarbeidet. Dei resterande 45 studiepoenga omfattar studie av kreative og estetiske læreprosessar, estetisk teori og produksjon, kunstnarisk utviklingsarbeid, vitskapsteori og metode samt ei rekke didaktiske emne.

Fagprofilane er eit utdjupande studie av det didaktiske, kunstnariske, estetiske og kulturelle særpreget ved faget/feltet og forholdet til:

  • Nasjonale og internasjonale forskings- og metodespørsmål.
  • Estetiske og kreative læreprosessar.
  • Analyse og tolking av tekstar og litteratur.
  • Teori om estetikk, kultur, læring og utvikling knytt til faga/feltet.
  • Teknologi og digitale læringsarenaer i faga/feltet.
  • Estetisk produksjon.
  • Eiget masterarbeid.
  • Refleksjon knytt til fag og forskingslitteratur, eigen estetisk produksjon og eiget feltarbeid.
  • Leiing av pedagogisk utviklingsarbeid.

Fellesemna i første året fokuserer på kreative og estetiske læreprosessar med vekt på kunstnarisk produksjon og erfaringsbaserte, relasjonelle og utforskande læringsstrategiar. Kursa gir ei generell innføring i det teori- og forskingsbaserte grunnlaget for analyse, tolking og akademisk skriving. Studentane arbeider òg med utforsking og utvikling av kreative og praktisk-estetiske prosessar i ulike praksiskontekstar.

I masteroppgåva (45 sp.) arbeider studentane med eige forskings- og utviklingsarbeid knytt til den fagprofilen som er valt. Studentane kan velje ulike former for masterarbeid, enten med hovudfokus på fagdidaktiske problemstillingar eller problemstillinar som omhandlar kunstnarisk produksjon og eigenutvikling. I studiet samarbeider ein tett med forskingsprogrammet "Kultur- og kreativitetspedagogikk" ved HVL. Studentane kan ta del i nokre av dei mange prosjekta som finn stad der gjennom arbeidsoppgåver knytt til enkeltfag, eller i masterarbeidet (Se kulturped.wordpress.com).

Masterstudiet er eit krevjande høgare grads heiltidsstudium som går over to år. Det er mogleg å søke om å gjennomføre studiet på deltid over fire år. Masterstudiet har fire samlingar i studieåret og ein undervisingsdag i veka. Arbeidet er organisert gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid, prosjektorganisering, utstillingar, konsertar og framsyningar.

IKT er ein viktig kommunikasjonskanal og eit nyttig læringsverktøy i studiet.

Kva kan du jobbe med?

Fullført mastergradsstudium gir grunnlag for å arbeide aktivt med forsking og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudier ved nasjonale og internasjonale lærestadar.

Studiet er eit fagleg studium på høgare nivå for pedagogar/lærarar/ kulturarbeidarar. Studiet gir lektorkompetanse, men også eit vitskapleg grunnlag for forsking på og utvikling innanfor studenten sin valde fagprofil og kreative fag og læreprosessar.

Kandidatar med fagutdanningsbakgrunn. t.d. bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fordjuping i eitt av faga kunst og handverk, musikk eller norsk", må ha PPU i tillegg for å få lektorkompetanse.

Utveksling

Ei vekes ekskursjon til samarbeidande fagmiljø, for eksempel i New York, USA, er lagt inn i studiet. Ytterlegare utanlandsopphald kan vere ein godkjent del av studiet dersom det tilfredsstiller studieplanen sine krav.