Klinisk helse- og omsorgsvitskap

Master

Klinisk helse- og omsorgsvitskap er eit disiplinbasert masterstudium. Det er forankra i helse- og omsorgsvitskapleg tradisjon og har spesielt fokus på kjerneområda helse- og omsorgsetikk.

Studiet er aktuelt for deg som er helse- eller sosialarbeidar, og som møter brukarar/pasientar og pårørande.

Gjennom studiet lærer du

  • å ta i bruk helse- og omsorgsvitskap til å skape innovasjon og nytenking i klinisk praksis.
  • om samhandling mellom den profesjonelle omsorgsgivaren og menneske i vanskelege livssituasjonar.

Undervisningsmåtar

Studiet er på 120 studiepoeng (stp.) og går over tre-fire år. Modul 1 og 3 består av obligatoriske emne på totalt 90 stp. Modul 2 består av valfrie profilemne med eit omfang på 30 stp.

Søkjarar som har relevant helse- og sosialfagleg utdanning på høgare grads nivå, kan søke om innpass/fritak for heile eller delar av modul 2. Studiebelastning ved innpass/fritak vil vere på 15 stp. per semester. Søkjarar som ikkje har relevant utdanning som gir grunnlag for innpass/fritak, må pårekne full studiebelastning (30 stp.) i to semester av utdanninga, og halv studiebelastning (15 stp.) i dei andre semestera.

Modul 1 og 3 kombinerer samlingsbasert og nettbasert undervisning. Samlingane vil primært føregå på campus Stord. I modul 2 vil undervisninga vere tilknytt valde profilemne (Stord eller Haugesund).

Les meir Utfyllande informasjon om valemne ("Modul 2")

Praksis

Samlingsveker for HAUST 2017 : 34, 38 og 45.

Kva kan du jobbe med?

Aktuelle karrierevegar er knytt til klinisk forsking og utviklingsarbeid, undervising og leiing.

Vil du studere meir?

Fullført utdanning kan kvalifisere til søknad om Ph.D.