Produksjonsingeniør

Bachelor, høsten 2017

Produksjonsteknikk gir tverrfagleg kompetanse innanfor teknologi, verdiskaping og administrasjon. Ein ingeniør med denne utdanninga kan bidra til å utvikle, tilpasse og innføre nye teknisk-administrative løysingar i takt med skiftande tilhøve i og utanfor verksemda.

Om du vel produksjonsteknikk, får du både kommersiell og teknologisk ballast. Utdanninga legg vekt på maskintekniske fag, produksjon og tilverknad, prosjektleiing, innovasjon og produktutvikling, industriell og internasjonal marknadsføring, logistikk og innkjøp, vedlikehald og kvalitetsteknikk.

Utdanninga har eit nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er den mest industritunge regionen i Noreg, med eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Undervisningsmåtar

Den raske utviklinga av ingeniøren sine arbeidsverktøy pregar utdanninga. Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga tar utgangspunkt i grunnleggande fag innan maskinteknikk, og kvalifiserer derfor til fleire av dei klassiske maskiningeniørstillingane. Vidare gir utdanninga kompetanse som blir kravd ved dagleg drift og leiing av bedrifter i dei fleste bransjar.

Ingeniørar med utdanning innanfor produksjonsteknikk er kvalifiserte for ei rekke utfordrande oppgåver, nasjonalt og internasjonalt. Du kan få jobb innanfor private og offentlege verksemder, verkstadindustri, prosessindustri, landbasert og offshorerelatert industri, samt i rådgivande verksemder.

Område du kan få jobb innanfor er mellom anna produksjon, produksjonsleiing, kvalitetsleiing, vedlikehaldsleiing, produktutvikling og design, forsking og utvikling, prosjektleiing, sal og marknadsføring, innkjøp og logistikkrelaterte oppgåver.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Europa, Nord-Amerika og New Zealand.

Kor kan du reise?