Samhandling innan helse- og sosialtenester

Master, høsten 2017

Vil du vidareutvikle kompetansen din frå helse- og sosialfagleg eller idrettsfagleg grunnutdanning? Med dette masterstudiet får du kompetanse til å skape samarbeid mellom ulike tenestenivå, yrkesgrupper og aktørar rundt brukaren.

Studiet gir deg kunnskap om det å hjelpe brukarar som har behov for behandling, tilrettelegging, rådgiving eller rettleiing, og med tenestebehov som krev samhandling mellom ulike sektorar, koordinering av tenester på individnivå og utvikling av tenester på systemnivå.

Du lærer om

  • brukaren i hjelpeapparatet
  • rolla som profesjonell hjelpar
  • hjelpeapparatet i velferdssamfunnet

Studiet er eit samarbeid mellom fagmiljøa på campus Sogndal og Førde innan idrettsfag, helsefag og sosialfag.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, case og fleirfaglege refleksjonsgrupper. Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

Studiet er samlingsbasert, med rundt tre samlingar á 4-5 dagar per semester.

Kva kan du jobbe med?

  • Rådgiving, tilrettelegging og koordinering av tenester til utsette brukargrupper i kommunar og helseføretak
  • Prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid, kvalitetssikringsarbeid/ forbetringsarbeid og liknande
  • Klinisk samhandling med brukarar med samansette og langvarige behov innan helse- og sosialsektoren
  • Arbeid med barn og unge og deira familiar

Oppstart

Hausten 2018

Kor kan du reise?

Storbritannia og Nord-Irland | Bournemouth University