Omsorgsteknologi I

Omsorgsteknologi handlar om effektive løysingar som kan gje tryggleik, sosial kontakt, omsorg og livskvalitet i kvardagen.

Emnet har fokus på at studentane skal utvikle kunnskap innan omsorgsteknologi, samt fagkritiske haldningar til utvikling og bruk av teknologiske løysingar i helsetenesta. Det vert lagt stor vekt på teknologisk basiskunnskap, samt kunnskap om tileigning, bruk og konsekvensar av omsorgsteknologi.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert og nettbasert. Det er tre undervisningssamlingar på to dagar. Mellom samlingane arbeidar studentane individuelt, og på elektroniske læringsarenaer.

Førelesingar på campus/streaming, praktiske oppgåver, sjølvstudier, gruppearbeid, og individuelle og gruppebaserte oppgåver. Deler av undervisninga skjer via aktuelle digitale studiestøttesystemer.

Arbeidskrav

Ja. Vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.

Vurdering

Heimeeksamen

Opptakskrav

Bachelorgrad, minimum 180 studiepoeng eller tilsvarande i helse-, og sosialfag og andre relevante utdanningar.

Samlingsplan

Tysdag og onsdag i veke 35, 40 og 44 i Haugesund og på Stord.