Realfagskurs

Forkurs

Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som har generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule, eller realkompetanse, men som manglar realfagleg fordjuping. Det er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!

Frå skuleåret 2017-2018 er det Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av realfagskurset på deltid over eitt heilt år. Det halvårige realfagskurset på heiltid går føre seg på campus Kronstad, Bergen.

Om du har yrkesfagleg utdanning og manglar generell studiekompetanse, kan du søke opptak til vårt forkurs for å kvalifisere deg til ingeniørutdanning.

Faga i kurset er fysikk og matematikk på nivå med vidaregåande skule, og samsvarer i hovudsak med Fysikk 1, kjemipensum på nivå tilsvarande Naturfag Vg 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad vinkla inn mot studentane si vidare ingeniørutdanning.

Realfagkurset følger "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs" utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Undervisningsmåtar

Undervisningsmåtar for realfagskurs deltid over eitt år (ved Metis Privatistskole Bergen):

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedager. Fysikk vil i løpet av året kunne ha ei helg med Lab-forsøk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

Undervisningsmåtar for realfagskurs heiltid over eitt halvt år (ved Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad):

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid med timeplanfesta tid for undervisning og rettleiing på 22 timar i veka.

Kva blir du kvalifisert for?

Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Noreg.

Oppstart

Eittårig realfagskurs i Bergen (Metis Privatistskole, Lars Hilles Gate 15/17), deltid: August

Halvårig realfagskurs i Bergen (Høgskulen på Vestlandet, Kronstad), heiltid: Januar