Undervannsteknologi - drift og vedlikehold, Florø

Bachelor, høsten 2017

Nye oljefelt ligg for djupt til at ein kan bruke tradisjonelle riggar. Installasjonar under vatn er framtida for olje- og gassindustrien. Samstundes veit vi at havrommet blir framtidas store satsingsområde, for eksempel gjennom oppdrettsanlegg til havs, mineralutvinning på havbotnen og bølgje-, vind- og tidevasskraftverk.

Ein undervassingeniør arbeider med drift og vedlikehald av olje- og gassinstallasjonar på havbotnen, også kalla subsea-installasjonar. Med meir aktivitet i havrommet, vil også andre typar installasjonar gi aktuelle arbeidsoppgåver for deg som vel denne utdanninga.

Studiet er tverrfagleg og gir grunnkompetanse innan drifts- og vedlikehaldsteknikk. Du får også lære mykje om oljeverksemd, undervassteknologi og brønnteknologi. Utdanninga omfattar mekaniske fag og elektrofag. I tillegg får du med deg tradisjonelle ingeniørfag, som matematikk, kjemi, mekanikk og leiingsfag.

Undervisninga er lagt til Florø, og utdanninga er nært knytt opp til det lokale næringslivet der. Det blir samarbeidd tett med næringsklynga GCE Subsea sitt kontor i Florø. Ved Fjord Base Florø er det høg aktivitet innan subsearelatert verksemd. Regionen har også mykje aktivitet knytt til aktivitet i havrommet, for eksempel innan oppdrett.

Vi har tilsvarande utdanning lokalisert i Bergen.Du må følgje undervisninga og ta eksamen på den campusen der du får studieplass. Skulle du ønske å bytte studiestad må du søke nytt opptak via Samordna opptak.

Undervisningsmåtar

Det er både tradisjonell klasseundervisning og praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium.

Fleire av faga har engelske lærebøker, og nokre av faga kan bli underviste på engelsk.

Praksis

Det er lagt opp til ein obligatorisk praksisperiode i lokale bedrifter og laboratorium, som driftar og vedlikeheld subseautstyr. Praksis i bedrift kan ein i tillegg ta som valfag. Praksis i bedrifter vil gje deg eit spesielt godt innblikk i næringa, og ei forståing for korleis teorien blir brukt i praksis.

Kva kan du jobbe med?

For ein undervassingeniør er det arbeidsplassar over heile verda. Den tverrfaglege utdanninga gjer undervassingeniøren i stand til å arbeide på ei rekke felt innan olje- og gass-sektoren, hos leverandørbedrifter og i rådgivande bedrifter. Du kan også få jobb i annan industri som treng ingeniørar med bakgrunn innan mekanikk og/eller elektronikk.

Utveksling

Utdanninga har eit nært samarbeid med universitet i Brasil, Australia og Skottland. Om du ønsker det, er det lagt til rette for at du kan ta det siste semesteret hos ein av dei utanlandske samarbeidspartnarane våre. Dette semesteret består ofte av bacheloroppgåva og valfag.

Kor kan du reise?