Veiledningspedagogikk

Etter- og vidareutdanning, kull 2017

Veiledningspedagogikk gir deg kunnskap og erfaring i veiledning innanfor praksisstudium i helse- og sosialfagutdanningane. Utdanninga er tverrfagleg og sett saman av rettleia praksis kombinert med teoretisk innføring i veiledningsteori, prinsipp og metodar.

Målgruppa for studiet er høgskulen sine praksisrettleiarar, men andre kan også søke opptak. Du får innsikt i dei ulike veiledningsoppgåvene i praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane. Dette inneber forståing for og innsikt i pedagogikk, studentaktive læringsformer og veiledning innan fagområdet, og i bruk av slik kompetanse i yrkessamanheng.

Studiet er kvalifiserande for yrkesutøvarar som definerer veiledning som ein del av yrkesfunksjonen sin.

Du vil få innsikt i dei ulike veiledningsoppgåvene i praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane, Dette inneber forståing for og innsikt i pedagogikk, studentaktive læringsformer og veiledning innan fagområdet, og i bruk av slik kompetanse i yrkessamanheng.

Informasjon om studiet si organisering studieåret 2017/2018 Studiet består av 2 emne.

I emnet VEIM-1 (6 studiepoeng) er det obligatorisk oppmøte heile dagar (0900-1515) onsdag, torsdag og fredag i veke 35 og uke 39. For å få 6 studiepoeng for dette emnet må du bestå ei skriftleg heimeoppgåve.

I emnet VEI-100 (24 studiepoeng) ) er det obligatorisk oppmøte heile dagar (0900-1415) måndag, tysdag, torsdag og fredag i veke 43 og 48 hausten 2017 og veke 02, 07 og 19 i 2018.

Onsdagar i desse vekene er meint til eigenstudium/kollokviearbeid. I perioden frå veke 07 til 19 våren 2018, skal studentane ha praksis der dei skal rettleie ein eller fleire andre i 20 timar.

I tillegg skal studentane også sjølv få 20 timar veiledning i gruppe av ein av lærarane der fokuset er veiledninga studentane driv. Tidspunkt for desse veiledningane blir avtalt mellom rettleiarar og dei som skal rettleiast.

Undervisningsmåtar

Veiledning av studentar, klientar, pårørande eller medarbeidarar utgjer praksisdelen av studiet - 20 timar. Veiledninga skal skje enten individuelt eller i gruppe. I tillegg skal du delta i veiledningsgrupper i 20 timar.

Kva blir du kvalifisert for?

Er du helse- og sosialarbeidar, pedagog eller liknande frå før så blir du kvalifisert som praksisrettleiar og fagleg rettleiar for kollegaar, pårørande og studentar.

Studiet gir deg veiledningskompetanse overfor studentar, klientar, kollegaar og pårørande. Studiet kan gi 30 studiepoeng i ein høgskule-/universitetsgrad.

Gjennomført studium fyller delar av kravet for å bli godkjent som fagleg rettleiar hos nokre yrkesorganisasjonar.