Barnehagelærerutdanning med vekt på Natur, helse og bevegelse

Bachelor, hausten 2018

Ein barnehagelærar skal legge til rette for barns utvikling gjennom leik, læring og omsorg. Studiet gir deg kompetanse og erfaring til å arbeide med barn og medarbeidarar i ein organisasjon som er i kontinuerleg utvikling. Utdanninga gir deg kompetanse på barns leik, sosial, motorisk og kognitiv utvikling. Den gir deg også føresetnader for godt samarbeid med kollegaar, fagpersonar og barna sine føresette.

Barnehagelærarutdanninga er bygd opp rundt fleirfaglege kunnskapsområde. Dei to først studieåra får du fem ulike kunnskapsområder. Kvart kunnskapsområde består av 20 studiepoeng. I det andre året ditt får du 20 studiepoeng ekstra i natur, helse og rørsle (NHB). Tredje studieår vil du kunne ta NHB 3 eller velje mellom tre til fire andre fordjupingsemne.

Natur, helse og rørsle legg vekt på at helse, rørsle og samspel med naturen inngår i heilskaplege samanhengar. Friluftsliv, utforsking av ulike naturmiljø og mangfaldig bruk av kroppen står sentralt, saman med verdiar som mangfald, likeverd og inkludering.

Praksis

Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Utdanninga inneheld 100 dagar med praksis fordelt på tre år.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Dei fleste barnehagelærarar arbeider i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar kan vere døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordning eller kommunal administrasjon.

Vil du studere meir?

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til master i barnehagekunnskap.

Utveksling

Du kan ta fordjupinga i tredje studieår ved institusjonar vi har samarbeidsavtalar med i utlandet. Det er også mogleg å ta første del av praksis andre året ved institusjonar i utlandet.

Kor kan du reise?