Barnehagelærerutdanning med vekt på Språk, tekst og matematikk

Bachelor, hausten 2018

Ein barnehagelærar skal legge til rette for barns utvikling gjennom leik, læring og omsorg. Studiet gir deg kompetanse og erfaring til å arbeide med barn og medarbeidarar i ein organisasjon som er i kontinuerleg utvikling. Utdanninga gir deg kompetanse på barns leik, sosial, motorisk og kognitiv utvikling. Den gir deg også føresetnader for godt samarbeid med kollegaar, fagpersonar og barna sine føresette.

Barnehagelærarutdanninga er bygd opp rundt fleirfaglege kunnskapsområde. Dei to første studieåra inneheld 20 sp i fem ulike slike område. I det andre året ditt får du dessutan 20 sp ekstra i språk,teskt og matematikk. Tredje studieår vil du kunne ta språk, tekst og matematikk 3 eller velje mellom andre fordjupingsemne.

Leik, læring og kultur er sentrale tema i kunnskapsområdet. Du vil lære om korleis du kan arbeide med barns språk og få innblikk i barn som leikar og utforskar rom, form, tal og mengde i omverda si. Kunnskapsområdet gir deg innsikt i barns kultur med vekt på barnelitteratur i tradisjonelle og nye medium.

Praksis

Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Utdanninga inneheld 100 dagar med praksis fordelt på tre år.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Dei fleste barnehagelærarar arbeider i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar kan vere døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordning eller kommunal administrasjon.

Vil du studere meir?

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til master i barnehagekunnskap.

Utveksling

Du kan ta fordjupinga i tredje studieår ved institusjonar vi har samarbeidsavtalar med i utlandet. Det er også mogleg å ta første del av praksis andre året ved institusjonar i utlandet.

Kor kan du reise?