Interkulturell pedagogikk og fargespelmetodikk

Etter- og vidareutdanning, hausten 2018

Interkulturell kompetanse utviklast ved å ha fokus på ressursane til barn og unge, ved å arbeide med anerkjenning og gjensidigheit, samtidig som vi stiller forventningar om og plikter til å bidra i fellesskapet.

Studiet skal auke deltakarane sin kompetanse innan temaet fleirkulturelle læringsmiljø og har ei tverrfagleg, praktisk og teoretisk tilnærming for å hjelpe lærarar til å utvikle læringsarenaar med fokus på mangfald som ein ressurs.

Målgruppa er primært lærarar som arbeider med barn og unge i barnehage, grunn- og vidaregåande skule eller kulturskule. Det er tilrådd at minst to personar frå kvar arbeidsplass deltar i studiet.

Utdanninga har følgande hovudtema:

Ressursfokus og forventningar

  • Interkulturell pedagogikk
  • Språk - identitet, samhøyrsle og relasjon. Kva er språkkompetanse?
  • Samfunnsmessige og politiske rammer og føringar for fleirkulturelle læringsmiljø

Anerkjenning, gjensidigheit og respekt

  • Kommunikasjon og improvisasjon
  • Grunnleggande haldningar og verdiar
  • Fordommar og forståing

Mangfald som premiss og metode

  • Kreativitet og musikk som kommunikasjonsmiddel/-form
  • Kultur, makt og demokratisk kompetanse

Første del av studiet vil ta utgangspunkt i kva som ligger i omgrepa "interkulturell pedagogikk" og "fargespillmetodikk". I andre del av studiet skal deltakarane øvast i å utvikle eigne, konkrete prosjekt i sine respektive læringsmiljø.

Studiet er blitt til i eit samarbeid mellom Fargespel og Høgskulen på Vestlandet, og tar utgangspunkt i dei pedagogiske ideane og den praktiske metodikken som Fargespel bygger på. I denne utdanninga koplar vi dette til pedagogisk teori og arbeid med ulike fag/emneområde i barnehage og skule.

Studiet er samlingsbasert og går over to semester. Det leggast opp til tre samlingar per semester, og samlingane blir haldne i Bergen. Undervisninga vekslar mellom praktiske eksempel, demonstrasjonar, øvingar, teoretiske innføringar og drøftingar av desse. Det forventast stor grad av medverknad og aktiv deltaking både under og mellom samlingane.

Timeplan

Avlyst