Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i natur og opplevingsbasert reiseliv, Sogndal

Hausten 2018

Stadig fleire vil oppleve norsk natur og friluftsliv, og det er eit aukande behov for naturguidar og tilbydarar av naturbaserte aktivitetar. Reiselivsnæringa ynskjer å auke verdiskaping knytt til naturopplevingar, men ein slik vekst må vere berekraftig. Bachelorutdanninga i natur- og opplevingsbasert reiseliv kan bidra til dette ved å utdanne studentar med god kjennskap til natur og friluftsliv og eit medvite forhold til opplevingskvalitet, sikkerheit, forvaltning og berekraft. Utdanninga bygger på og knyter saman tre fagområde; friluftsliv og naturguiding, reiseliv og økonomi. Bachelorutdanninga skal sikre at studentane våre har naudsynt kunnskap og praktiske ferdigheiter til å formidle berekraftige naturopplevingar, enten dei arbeider som naturguidar, driv eiga bedrift eller jobbar med opplevings- og/ eller destinasjonsutvikling.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om natur- og opplevingsbasert reiseliv, friluftsliv og etablering og drift av reiselivsbedrift. Kandidaten skal kunne grunnleggande teori innan friluftsliv og naturguiding, naturforvaltning, opplevingsøkonomi, bedriftsøkonomi og marknadsføring. Sentrale problemstillingar vil vere formidling og gruppehandtering, berekraft og lønnsemd.
  • har kunnskap om gruppeprosessar i naturen, etablering av verksemd og berekraftig reisemålsutvikling. Skal kjenne til verktøy og metodar for formidling og analyse av opplevingsprodukt.
  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet natur- og opplevingsbasert reiseliv
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet natur- og opplevingsbasert reiseliv.
  • har kunnskap om framveksten av natur- og opplevingsbasert reiseliv og om denne typen reiseliv sin eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheitar

Kandidaten:

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne avgjersle.
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og syne til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det klargjer ei problemstilling.
  • kan meistre faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer for formidling av opplevingar, vurdering og vidareutvikling av opplevingsprodukt samt utvikling og drift av reiselivsverksemd.  

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til naturforvaltning, berekraft og gruppehandtering.
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • Kan formidle teoriar, problemstillingar, og løysingar innan natur- og opplevingsbasert reiseliv både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor natur- og opplevingsbasert reiseliv og gjennom dette bidra til utvikling av berekraftig naturguiding og næringsutvikling.
  • Kjenner til og har erfaring med nytenking og innovasjonsprosessar gjennom vidareutvikling av opplevingsprodukt.

Kjeldekompetanse

Etter fullført studium skal studentane ha ferdigheiter til å finne fram til kunnskapskjelder av høg kvalitet innanfor eige fagområde, og bruke desse på rett måte, til dømes ved oppgåveskriving. Studentane skal kunne bruke biblioteket og trykte og digitale kjelder i ulike format, ha kunnskap om søking og vurdering av kva som er god og påliteleg vitskapeleg informasjon, og kunne bruke denne godt.

Innhald

Bachelorutdanninga består av tre fagområde med fleire emne knytt til desse; friluftsliv- og naturguideemne, reiselivsemne, og økonomiemne. Progresjon er knytt til desse tre fagområda:

Innan friluftsliv og naturguideemna startar ein med å utvikle praktisk kompetanse innan friluftsliv og turplanlegging både sommar og vinter. Som naturguide skal ein ha ansvar for å ha med ulike grupper på tur under ulike årstider og ulike typar aktivitetar. Studentane får gjennom studiet gradvis meir ansvar for formidling og praktisk naturguiding av grupper. Studentane skal lære å reflektere over eigne haldningar og eigen rolle som formidlar og naturguide.

Gjennom reiselivsemna skal studentane få innsikt i reiselivet, om breidda av nisjeprodukt og om reiselivet sine vilkår for næringsutvikling. Dei skal lære å nytte verktøy for formidling gjennom storytelling og for å vurdere og analysere kvaliteten ved opplevingsprodukt, og vidare lære å nytte desse verktøya inn mot produktutviklings- og innovasjonsprosessar. Berekraft og forvaltningsproblematikk vil vere gjennomgåande tema i både reiselivs- og friluftslivsemna.

Innan økonomiemna skal ein tileigne seg kunnskap og ferdigheiter innan grunnleggjande økonomiske emne som skal sette studenten i stand til å kunne etablere og drive ei reiselivsverksemd. Emnet Utvikling og drift av reiselivsverksemd er eit næringsretta emne som går over 4. og 5.semester og byggjer på dei føregåande økonomiemna.

3.semester går på engelsk og er ope for internasjonale studentar. Dette semesteret er det og mogeleg å reise ut for våre studentar.

I 6.semester har studentane 15 stp valemne. Her kan studentane velje mellom økonomisk-administrative- eller friluftslivsemne.

Utvalet av valemne vil variere noko frå år til år. Valemne knytt til Institutt for idrett har avgrensa med plassar, og desse valemna har atterhald om ledige studieplassar etter at bachelorstudentane ved idrett har gjort sine val.

Metode (7.5 stp) og statistikk (7.5 stp) er lagt til 5.semester. Studentane skriv bacheloroppgave på 15 stp i 6.semester.

Praksis

I slutten av fjerde semester skal studentane ut i tre vekers praksis i ei reiselivsbedrift som tilbyr opplevingsprodukt. Praksis er del av emnet Opplevingsproduksjon som fortset i femte semester. Praksisseminar i førekant av praksis, tre veker praksis og etterfylgjande praksisrapport vert rekna som eit arbeidskrav og vurdert ut i frå greidd/ ikkje greidd.

Arbeidsformer

Førelesningar, sjølvstudium, studentseminar, gruppearbeid, praksis, refleksjonsblogg, undervisning både inne og ute i store og små grupper.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

For å følgja undervisning og gjennomføra eksamenar i studiet, må studentane disponera eigen berbar datamaskin med standard programvare.

Vurderingsformer

Arbeidskrav og sluttvurdering går fram av emneomtalane.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for studieopphald i utlandet 3. semester.