Studieplan - Ingeniørfag bygg og anlegg, bachelorstudium, Førde

Kull hausten 2018

Studiet gjev ei treårig byggingeniørutdanning, profilert mot bygg- og anleggsfag. Studieplanen er bygd på forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning av 3. februar 2011, og nasjonale retningslinjer vedteke av Nasjonalt råd for teknologi i juni 2011. Bygg- og anleggsteknikk er valt som hovudsatsing i dette studiet, med konstruksjonsfag, offentleg forvalting, anleggs- og VA-teknikk samt vegbygging som sentrale emne. Dette er gjort for å imøtekome behovet for BA-ingeniørar, som medfører at næringsliv, industri og samfunnet elles har trong for kontinuerleg tilførsel av ny teknologisk kompetanse innan desse fagområda.

Studiet utdannar bygg- og anleggsingeniørar med stor fagleg breidde og er eit samarbeid mellom HVL Sogn og Fjordane og HVL Bergen. Studentane får tilbod om spesialisering innan byggeteknikk og anleggsfag (veg, VA, anlegg).

Bygge- og anleggsbransjen er tradisjonsrik og byggjer på samspel mellom yrkesfagleg og akademisk kunnskap. I si grunnleggjande form legg den til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i så å seie alle former for privat og offentleg verksemd, små og store, landbasert og offshore. Ingeniørar innan bygg og anlegg har såleis eit stort spekter av jobbmoglegheiter, både innan nyutvikling/nybygg, drift/vedlikehald, forvalting, prosjektering, på Byggherreside eller hos utførande entreprenør.

Døme på verksemder er :

  • Bygge- og anleggsentreprenørar
  • Ulike produksjonsverksemder (trevare, betong, produktutvikling, osb.)
  • Rådgjevande verksemder
  • Energiforsyning
  • Offentleg forvalting

Studiet har eit omfattande samarbeid med relevant arbeidsliv gjennom t.d. ulike studentprosjekt i samarbeid med offentleg og privat næringsliv.

Læringsutbytte

Etter fullført treårig utdanning skal ingeniørane kunne kombinere teoretiske og tekniske kunnskapar med praktisk ferdigheit, og kunne vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologiske vurderingar. Utdanninga skal leggje grunnlaget for livslang læring og kontinuerleg omstilling til framtidige kunnskapsbehov. Kandidatane skal kunne tilfredsstille internasjonale krav til grunnutdanning for ingeniørar.

Kunnskap 

  • Kandidaten har brei kunnskap som gir et heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i fagfeltet bygg.
  • Kandidaten har grunnleggande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i byggfagleg problemløysing.
  • Kandidaten skal med hovudvekt på byggfaget ha kunnskap om teknologiens historie, teknologiutvikling, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet bygg, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor ingeniørfaget.
  • Kandidaten kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheter

  • Kandidaten kan anvende kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor byggfag og grunngje sine val.
  • Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorier/felt og beherskar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisere, planlegge og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenkning, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysningar.

 Generell kompetanse

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysningar innanfor sitt fagområde på bygg og kan sette disse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan formidle byggfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan bidra til å synleggjere teknologiens betydning og konsekvensar.
  • Kandidaten kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjon.
  • Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjoner innanfor fagområdet og dele sine kunnskap og erfaring med andre.

Innhald

Studiet er bygd opp av emne som varer inntil eit semester. Kvart emne vert vurdert for seg. Eit emne på 10 studiepoeng krev ein total arbeidsinnsats på om lag 250 timar. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. Det 3-årige ingeniørstudiet inneheld emne tilsvarande 180 studiepoeng. 
Emna er delt inn i fellesemne 30sp, programemne 50sp, tekniske spesialiseringsemne 70sp og valemne 30sp.

  • Fellesemne: Matematikk 1, Ingeniørfagleg innføringsemne og Ingeniørfagleg systememne.
  • Programeemne: Materiallære, Matematikk 2, Statistikk og økonomi, Mekanikk og materialprøving.
  • Tekniske spesialiseringsemne: Arealplanlegging, BIM og landmåling, Bygningsfysikk , Entreprise og byggplassdrift, Bygningskonstruksjoner 1 og Bacheloroppgåve.
  • Valemne: Infrastruktur 1 og 2, Bygningskonstruksjoner 2, Byggesak, Studentbedrift, Styrt praksis og Matematikk 3.

Forskingsbasert undervisning


I dei matematisk-naturvitskaplege grunnlagsfaga skal studentane få ei innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte, matematiske bevis og statistisk metode. I dei tekniske faga, spesielt innan hovudområda, skal studentane få innblikk i nyare forsking og teknologisk utvikling. Studentane skal gjennomføre fleire prosjektarbeid. Det vert gjeve opplæring i prosjekt som arbeidsform, informasjonssøking, kjeldevurdering og rapportskriving. Det vert lagt aukande vekt på utviklingsmetodar og nyare teknologisk forsking gjennom studiet, fram til bacheloroppgåva. Studentane skal møte aktive forskarar som faglege rettleiarar og som gjesteførelesarar.

Bacheloroppgåve

Bacheloroppgåva vert i dei fleste tilfelle gjennomført i samarbeid med ein ekstern institusjon, der både offentlege og private verksemder er aktuelle. Tema for oppgåva vil normalt avspegle profileringa i studiet.

Praksis

Det er muleg å ha valemnet Styrt praksis 10 studiepoeng, som del av studiet. Denne praksisen er eitt av fleire mulege valemne i 3. studieår.

Arbeidsformer

Undervisninga vert gjeven i variert form, frå vanlege førelesingar og e-læring til meir studentaktive former som gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med rettleiing. E-læring er spesielt aktuelt i fag der campus Bergen har emneansvar. Både samtidig strømming (streaming) og filmsnuttar (som er tilgjengelege når som helst) er aktuelt. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Noko av undervisninga vil bli gitt på engelsk.

I undervisninga vert det ofte nytta ulike dataprogram til simulering, oppgåveløysing og laboratorieøvingar. Studentane må disponere eigen PC til slikt arbeid.

Struktur for forskingsbasert undervisning
Informasjonskompetanse

  • Innføring i informasjonssøking (1. sem., Ingeniørfagleg innføringsemne /kurs v/biblioteket)
    • Frie søk på internett , informasjonssøking i databasar, kjeldevurdering, presentasjon av informasjon
  • Vidaregåande informasjonssøking (m.a. 5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)
    • Vitskaplege artiklar og rapportar, populærvitskaplege framstilling, kritisk kjeldevurdering

Rapportskriving

  • Laboratorieøvingsrapportar, i mange emne
  • Prosjektrapportar i dei ulike prosjekta
    • Oppbygging av rapport, informasjonskompetanse, litteraturreferansar
  • Akademisk rapportskriving (5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)

Prosjektarbeid

  • Prosjekt som arbeidsform (innføring i samband med prosjekt i 1., 2. og 3. semester, utdjuping i Ingeniørfagleg systememne i 5. semester, og til slutt i bacheloroppgåva)
    • Idéutvikling og målformulering, planlegging,, kvalitetssikring, dokumentasjon, munnleg presentasjon
  • Prosjekt som del av fag (1. sem.: Ingeniørfagleg innføringsemne)
  • Prosjektfag (5. sem.: Ingeniørfagleg systememne) Bacheloroppgåve (6. sem.)

Forsking og fagutvikling

  • Nyare forsking
    • Innblikk i siste nytt på forskingsfronten, spesielt innan hovudområda (1., 2. og 3. studieåret.: Byggfaga)
    • Lese populærvitskaplege framstillingar (alle fag).
    • Gjesteførelesingar (ulike fag)
    • Lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing (6. sem.: Bacheloroppgåve)
  • Nyare teknologisk utvikling
    • Finne fram til nye produkt og sette seg inn i korleis dei verkar (Tekniske fag med prosjekt og Bacheloroppgåva.
    • Orientere seg om den teknologiske utviklinga på fagområdet.
  • Forskings- og utviklingsmetodar
    • Innføring i naturvitskapleg arbeidsmetode (1.sem.: Innføringsemne)
       Logikk og matematiske bevis (1. sem.: Matematikk 1)
    • Statistisk metode (2. sem.: Statistikk og økonomi)
    • Utviklingsmetodar (2. og 3. året: Byggfaga. 5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)
    • Tverrfagleg forsking og kunnskapsutvikling
  • Etiske problemstillingar i teknologi og arbeidsliv (5. sem.: Ingeniørfagleg innføringsemne og systememne, elles integrerert i ulike emne) 

Vurderingsformer

Arbeidskrav vert oppgitt for kvart enkelt emne. Arbeidskrav er obligatorisk arbeid som må vere gjennomført og godkjent for å få gå opp til eksamen.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av kvar enkelt emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakter (A-F). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne. Enkel kalkulator vert definert som kalkulator som ikkje kan rekne med symbolske utrykk, og med minne som lett kan slettast (resettast). Det vert nytta ulike former for vurdering. Detaljert informasjon om sluttvurdering vert gitt for kvart enkelt emne. I fleire emne vil ein del av sluttkarakteren vere basert på mappevurdering. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levere mappe eller prosjekt som grunnlag for sluttvurdering, har høve til å levere ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester med ny oppgåve. Studentar som ynsker å forbetre karakteren vil ha høve til dette ved første ordinære gjennomføring av mappa, og då med ny oppgåve.

Internasjonalisering

Studieopphald i utlandet

Det er muleg å ta delar av studiet i utlandet, ved institusjonar som HVL har avtale med. Aktuelle utvekslingssemester er haust- eller vårsemesteret i 3. klasse.