Automatiseringsteknikk

Bachelor, hausten 2018

Nesten alt elektronisk utstyr inneheld mikrokontrollarar, alt frå bilar til vaskemaskiner og leiker.

Ein automatiseringsingeniør kan konstruere, drifte og vedlikehalde automatiserte system. Dette er system som hentar data frå sensorar, og som overvaker, styrer og regulerer prosessar etter bestemte reglar og mål. Ein ingeniør med utdanning innan automatisering er godt rusta til å identifisere driftsproblem og finne løysingar på desse.

Utdanninga i automatisering gir ei god innføring i grunnleggande ingeniørfag, som generelle datafag, elektrofag, instrumentering og programmering av mikroprosessorar og programmerbar logisk styring (PLS). Studiet gir deg kunnskapar innanfor fagfeltet automatisering, med særleg vekt på instrumentering av større system, teoretisk og praktisk reguleringsteknikk, PLS-programmering, industrielle datasystem og industriell kommunikasjon.

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, og det blir både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene i elektrofaga kan vere målingar av enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda for ein automatiseringsingeniør er olje-/prosessindustri, elektromekanisk og elektronisk industri. Mange arbeider også med dagleg drift i verksemder med automatisert materialbehandling og/eller driftsanlegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand.

Kor kan du reise?