Studieplan - Ingeniørfag - elektro, energi, elkraft og miljø, bachelorstudium, Førde

Kull Hausten 2018

Studiet gjev ei treårig elektroingeniørutdanning, profilert mot energi, elkraft og miljø. Studieplanen er bygd på forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning av 3. februar 2011, og nasjonale retningslinjer vedtatt av Nasjonalt råd for teknologi i juni 2011. Elkraft er valt som hovudsatsing for dette studiet, med fokus på miljøvenleg energiproduksjon og ei  brei oversikt over utviklinga på energiområdet. Du lærer mellom anna om Kraftproduksjon, overføring og forbruk av kraft sett inn i ein miljøsamanheng, programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar, elektriske anlegg, elektriske maskiner og installasjonar, høgspenning og kraftelektronikk.

Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er eit stadig større fokus på fornybar energi. Ein bachelor i ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø gir spennande jobbmulegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Etter fullført utdanning er du kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon. Du blir i stand til å prosjektere elektriske og elektroniske system, du kan jobbe som konsulent og elektroentreprenør og kan føre tilsyn med elektriske anlegg. Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land.

Studiet har eit omfattande samarbeid med relevant arbeidsliv gjennom utvikling og drift av studiet. Som student vil du møte praksisfeltet gjennom  t.d. ulike studentprosjekt i samarbeid med offentleg og privat næringsliv, gjesteførelesingar, tilbod om sommarjobbar og valemnet Styrt praksis.

Læringsutbytte

Etter fullført treårig utdanning skal ingeniørane kunne kombinere teoretiske og tekniske kunnskapar med praktisk ferdigheit, og kunne vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologiske vurderingar. Utdanninga skal leggje grunnlaget for livslang læring og kontinuerleg omstilling til framtidige kunnskapsbehov. Kandidatane skal kunne tilfredsstille internasjonale krav til grunnutdanning for ingeniørar.

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i elektrofaget. Kandidaten har kunnskap om elektriske og magnetiske felt, brei kunnskap om elektriske komponentar, krinsar og system
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap ¿ inkludert elektromagnetisme- og relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i elektrofagleg problemløysing
  • Kandidaten har kunnskap om teknologiens historie og utvikling med vekt på elektroteknologi, ingeniørens rolle i samfunnet og konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagfelt, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor eige fagområde, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis

 

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan anvende kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor elektrofaget og grunngje vala sine
  • Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevante instrument og programvare, som grunnlag for målretta og innovativt arbeid
  • Kandidaten kan identifisere, planlegge og gjennomføre ingeniørfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team
  • Kandidaten kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling, kvalitetssikring og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system eller løysingar

 

Generell kompetanse

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor sitt fagområde og kan sette desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv
  • Kandidaten kan formidle elektrofagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan bidra til å synleggjere elektroteknologiens betydning og konsekvensar
  • Kandidaten kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjonen
  • Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

Innhald

Studiet er bygd opp av emne som varer inntil eit semester. Kvart emne vert vurdert for seg. Eit emne på 10 studiepoeng krev ein total arbeidsinnsats på om lag 250 timar. Det 3-årige ingeniørstudiet inneheld emne tilsvarande 180 studiepoeng. Emna er delt inn i fellesemne, programemne, tekniske emne og bacheloroppgåve.

Forskingsbasert undervisning
I dei matematisk-naturvitskaplege grunnlagsfaga skal studentane få ei innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte, matematiske bevis og statistisk metode. I dei tekniske faga, spesielt innan hovudområda elektro og elkraft, skal studentane få innblikk i nyare forsking og teknologisk utvikling. Studentane skal gjennomføre prosjektarbeid i fem av seks semester. Det vert gjeve opplæring i prosjekt som arbeidsform, informasjonssøking, kjeldevurdering og rapportskriving. Det vert lagt aukande vekt på utviklingsmetodar og nyare teknologisk forsking gjennom studiet, fram til bacheloroppgåva. Studentane skal møte aktive forskarar som faglege rettleiarar og som gjesteførelesarar.

Bacheloroppgåve 
Bacheloroppgåva vert i dei fleste tilfelle gjennomført i samarbeid med ein ekstern institusjon, som oftast ei industribedrift. Tema for oppgåva vil normalt avspegle profileringa i studiet.

Praksis

Det er muleg å ha valemnet Styrt praksis, 10 studiepoeng,  i bedrift som del av studiet. Denne praksisen er eitt av fleire mulege valemne 3. studieår.

Arbeidsformer

Undervisninga vert gjeven i variert form, frå vanlege førelesingar til meir studentaktive former som gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med rettleiing. Timeplanfesta undervisning er om lag 20-25 timar pr. veke, noko avhengig av mengd laboratoriearbeid. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Noko av undervisinga vil bli gitt på engelsk.

I undervisninga vert det ofte nytta ulike dataprogram til simulering, oppgåveløysing og laboratorieøvingar. Studentane må disponera PC for meir fleksibel og individuelt tilpassa gjennomføring av slikt arbeid.

Struktur for forskingsbasert undervisning

Informasjonskompetanse

  • Innføring i informasjonssøking (1. sem., Ingeniørfagleg innføringsemne /kurs v/biblioteket)
    • Frie søk på internett , informasjonssøking i databasar, kjeldevurdering, presentasjon av informasjon
  • Vidaregåande informasjonssøking (m.a. 5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)
    • Vitskaplege artiklar og rapportar, populærvitskaplege framstilling, kritisk kjeldevurdering

Rapportskriving

  • Laboratorieøvingsrapportar, i mange emne
  • Prosjektrapportar i dei ulike prosjekta
    • Oppbygging av rapport, informasjonskompetanse, litteraturreferansar
  • Akademisk rapportskriving (5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)

Prosjektarbeid

  • Prosjekt som arbeidsform (innføring i samband med prosjekt i 1., 2. og 3. semester, utdjuping i Ingeniørfagleg systememne i 5. semester, og til slutt i bacheloroppgåva)
    • Idéutvikling og målformulering, planlegging,, kvalitetssikring, dokumentasjon, munnleg presentasjon
  • Prosjekt som del av fag (1. sem.: Ingeniørfagleg innføringsemne, 2. sem.: Grunnleggjande elektro 2, 3. sem.: Elektronikk og datamaskiner, 5. sem.: Ingeniørfagleg systememne)
  • Prosjektfag (Ingeniørfagleg systememne, 5. sem., Bacheloroppgåve, 6. sem.)

Forsking og fagutvikling

  • Nyare forsking
    • Innblikk i siste nytt på forskingsfronten, spesielt innan hovudområda elektro og elkraft (1., 2. og 3. studieåret.: Elektrofaga)
    • Lese populærvitskaplege framstillingar (alle fag).
    • Gjesteførelesingar (ulike fag)
    • Lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing (6. sem.: Bacheloroppgåve)
  • Nyare teknologisk utvikling
    • Finne fram til nye produkt og sette seg inn i korleis dei verkar (Tekniske fag med prosjekt og Bacheloroppgåva.
    • Orientere seg om den teknologiske utviklinga på fagområdet.
  • Forskings- og utviklingsmetodar
    • Innføring i naturvitskapleg arbeidsmetode (1.sem.: Innføringsemne, 2. sem.: Fysikk og kjemi)
    • Logikk og matematiske bevis (1. sem.: Matematikk 1)
    • Statistisk metode (4. sem.: Statistikk og økonomi , og Målesystem og  instrumentering)
    • Utviklingsmetodar (2. og 3. år: Elektrofaga. 5. sem.: Ingeniørfagleg systememne )
    • Tverrfagleg forsking og kunnskapsutvikling
  • Etiske problemstillingar i teknologi og arbeidsliv ( Ingeniørfagleg innføringsemne og systememne, elles integrerert i ulike emne)

Vurderingsformer

Arbeidskrav vert oppgitt for kvart enkelt emne. Arbeidskrav er obligatorisk arbeid som må vere gjennomført og godkjent for å få gå opp til eksamen og/eller få mappevurdering.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av kvar enkelt emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakter (A-F). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne. Enkel kalkulator vert definert som kalkulator som ikkje kan rekne med symbolske utrykk, og med minne som lett kan slettast (resettast). Det vert nytta ulike former for vurdering. Detaljert informasjon om sluttvurdering vert gitt for kvart enkelt emne.
I fleire emne vil ein del av sluttkarakteren vere basert på mappevurdering. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levere mappe eller prosjekt som grunnlag for sluttvurdering, har høve til å levere ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester med ny oppgåve. Studentar som ynskjer å forbetre karakteren vil ha høve til dette ved første ordinære gjennomføring av mappa, og då med ny oppgåve.

Internasjonalisering

Studieopphald i utlandet

Aktuelle utvekslingssemester er vårsemesteret i 2. studieår, og haust- eller vårsemesteret i 3. studieår. Ein kan også ta vidareutdanning i utlandet ved skular som tilbyr masterutdanning innan tilsvarande fagområde.