Areal og eigedom

Master, hausten 2018

Både offentlege og private aktørar etterspør kompetanse på mastergradsnivå innan areal- og eigedomsutvikling.

Mellom private aktørar, er det særleg konsulentbransjen og entreprenørar som etterspør kompetanse innan arealutvikling og arealerverv, samt fordjuping innan eigedom eller arealforvaltning. Det offentlege, ved for eksempel Domstoladministrasjonen (DA), har stor etterspurnad etter jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektige, mens Statens vegvesen, Jernbaneverket og andre offentlege utbyggarar har stor etterspurnad etter grunnervervarar. Når det gjeld arealplanleggarar, er det stor etterspurnad hos kommunane og konsulentbransjen.

Studiet er i første semester bygd opp rundt fagområdet arealutvikling. Andre semester er bygd opp rundt fagområdet arealerverv. Vidare vil studentane i tredje og fjerde semester sjå på areal og eigedom i eit meir samla perspektiv og i tilknyting til to alternative fordjupingar. Studentane vil i fjerde semester skrive ei mastergradsoppgåve der dei analyserer faglege problemstillingar innanfor fordjupinga.

Undervisningsmåtar

Utdanninga har innslag av informasjonsteknologi og datastøtta læring.

Kva kan du jobbe med?

Dei fleste finn jobb i private konsulentfirma (utbyggarar, eigedomsutviklarar, eigedomsforvaltarar, arealplanleggarar), som saksbehandlarar og leiarar i offentleg sektor, dommarar og ingeniørar i jordskifteretten, grunnervervarar og arealplanleggarar i Statens Vegvesen, samt Statens Kartverk.

Utveksling

HVL har inngått Erasmus+ avtalar med Aalborg Universitet i Danmark, University of Santiago de Compostela i Spania, University of Ljubljana i Slovenia og University of Natural Resources and Life Sciences i Wien, Østerrike. Avtalene omfattar begge fordjupingane i mastergraden arealforvaltning og eigedom og gjeld mellom anna fagområda spatial planning, regional planning, land use planning, land management og land readjustment. Dette samsvarar med den faglege profilen til mastergraden.

Kor kan du reise?