Elkraftingeniør

Bachelor, hausten 2018

Elkraftteknikk er eit fagområde der Noreg har ein dominerande posisjon internasjonalt, med vasskraft og utvinning av olje og gass. Bli med du også!

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi vel knapt sjå for oss. Elektrisk straum er ein av berebjelkane for det moderne samfunnet. Elkraftstudiet gir deg kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system. Fagtilbodet dekker også system for styring og overvaking av elektrotekniske system generelt. System og utstyr for skip og offshoreverksemd er eit satsingsområde for utdanninga.

Studieretningsfaga, valfaga og bacheloroppgåva gir deg høve til å fordjupe deg i tema som modellering og simuleringsteknikk, planlegging og prosjektering, energiøkonomisering, fornybare energikjelder, elektroteknisk og elektronisk utstyr og system.

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er forelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der både gruppearbeid og sjølvstudium kan inngå. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper med 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Mange av studentane tek den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda er elektroteknisk eller elektronisk industri, prosessindustri, elektrisitetsforsyning og installasjonsgjeremål på land og offshore. Arbeidsoppgåvene til elkraftingeniøren er også innanfor landbasert industri, energiforsyninga og konsulentbransjen. Elkraftingeniøren vil i tillegg ha ei sentral rolle i det fornybare samfunnet i framtida.

Elkraftingeniøren prosjekterer elektriske og elektroniske system, er konsulent og elektroentreprenør, og fører tilsyn med elektriske anlegg. Elkraftingeniøren er godkjend som ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA og New Zealand.

Kor kan du reise?