Energiteknologi

Bachelor, hausten 2018

Korleis møter vi energibehovet på ein berekraftig måte? Utfordringane innan energi og klima har skapt eit behov for ingeniørar som har eit breitt og heilskapleg syn på desse problemstillingane.

Denne utdanninga gir deg kunnskapar om energiproduksjon, energidistribusjon og energibruk. I studiet blir det lagt stor vekt på samspelet mellom energi, miljø, økonomi og samfunn.

Du lærer om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi, men også om nye, fornybare energikjelder, som bioenergi, vindkraft og solenergi. Du vil også lære om varmepumper og miljøvenleg utnytting av naturgass, som til dømes bruk av hydrogen som framtidig energikjelde. Eit anna sentralt tema er effektiv og fleksibel bruk av energi i bygningar og industri.

Undervisningsmåtar

IT-verktøy og IT-baserte informasjonssystem blir mykje brukt i studiet. Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte.

Nokre av faga har skriftleg eksamen, medan det i andre fag er mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Energiingeniøren er ein ny type ingeniør, som i aukande grad blir å finne i industrien og anna næringsliv, hos større byggeigarar, i offentleg forvaltning og hos rådgivande ingeniørar.

Energiingeniøren kan jobbe som produktutviklar i industrien, med sal og mekling av energiavtalar, vere saksbehandlar i offentlege etatar, drifte store bygningskompleks og andre energianlegg, eller vere rådgivande ingeniør.

Studiet gir eit godt grunnlag for vidare studium om fornybar energi i inn- og utlandet

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Norden, Australia, Canada og USA.

Kor kan du reise?

Fann draumejobben

Kristian og Hilde meiner energiteknologistudiet har gitt dei god fagleg breidde i møte med ein stadig tøffare arbeidsmarknad. Begge har funne draumejobbar i to ulike bransjar.

Valde master i Lisboa og Paris

Etter å ha studert energiteknologi var Hans-Kristian Ringkjøb klar for nye utfordringar. Han drog til Sør-Europa og tok master i fornybar energi både i Lisboa og Paris.

Å fyre for kråkene - Studentoppgåve om energieffektivisering av eldre boliger