Studieplan - Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal

Kull hausten 2018

Bachelorutdanning i idrett, fysisk aktivitet og helse er ei avsluttande 3-årig idrettsutdanning som gir rett til tittelen Fysisk aktivitet- og helserådgjevar. Studiet gir brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, samt korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast barn, unge, vaksne og eldre i eit helsefremmande, førebyggande og behandlande perspektiv. Studiet gir kompetanse i å planlegge, tilrettelegge, lede, gjennomføre og evaluere helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande tiltak innan fysisk aktivitet både i offentleg og privat sektor.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium i Idrett, fysisk aktivitet og helse skal kandidaten ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan forklare og ha brei kunnskap i høve sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, aktivitetslære, rørslelære, anatomi, motorisk læring, treningslære og undervisningslære
  • har brei kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
  • kan forklare og bruke sentrale element i praktiske aktivitetar
  • har brei kunnskap om humanfysiologi, treningslære og kroppens adaptasjon til trening
  • har brei kunnskap om folkehelsearbeid på nasjonalt, regionalt og lokalt plan
  • har brei kunnskap og innsikt i sosiale og psykologiske aspekt i folkehelsearbeidet
  • har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse samt korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast barn, unge, vaksne og eldre i eit helsefremmande, førebyggande og behandlande perspektiv
  • har grunnleggande kunnskap om strategiar og metodar for endring av helsevanar
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan dei aktuelle faga samt kunne oppdatere kunnskapen sin på områda
  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde samt kjenne til ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • viser ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå og for personar med ulik helsetilstand
  • viser ferdigheiter samt observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske aktivitetar
  • kan gjennomføre helseprofilvurdering og vegleiing i høve endring av helsevanar
  • kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under vegleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske reglar
  • kan søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • kan meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet for friske og personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
  • er kvalifisert for vidare studium på mastergradsnivå
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere helsefremmande, førebyggande og behandlande fysisk aktivitet
  • kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområde
  • er kvalifisert til tittelen Fysisk aktivitet- og helserådgjevar

Innhald

Bachelorstudiet er bygd opp av 1. år bachelor idrett, 2. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse og 3. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på til saman 30 studiepoeng.

1. studieår
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.

Studiet inneheld desse emna:

  • Rørslelære, anatomi, motorisk læring, 10 sp
  • Idrett og samfunn, 10 sp
  • Undervisningslære, 10 sp
  • Aktivitetslære, 15 sp
  • Treningslære, 15 sp

2. studieår

  • Folkehelsearbeid (15 sp)
  • Humanfysiologi og treningslære (15 sp)
  • Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv (15 sp)
  • Førebyggande fysisk aktivitet (15 sp)

3. studieår

  • Bacheloroppgåve (15 sp)
  • Tilpassa fysisk aktivitet (15 sp)

I vårsemesteret i 3. studieår vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HVL, campus Sogndal, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land. Valemna HVL, campus Sogndal kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Praksis

Det er innlagt praksis i alle tre studieåra.

Idrett, 1. studieår:

Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
  • prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning Krav til greidd praksis er at studenten;
  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 2. studieår:

Treningssenterpraksis
Treningssenterpraksisen er organisert som punktpraksis over inntil tre veker og er knytt til emnet ID3-211 Førebyggande fysisk aktivitet. Praksisen vil i hovudsak ta for seg instruktørrolla for ein treningsrettleiar, både mtp. det tekniske (sette opp program osv.) og det mellom-menneskelege.

Etter endt praksis skal studenten:

  • ha kjennskap til ulike arbeidsoppgåver ved eit treningssenter
  • ha grunnleggande kunnskap om utarbeiding av treningsprogram til kundar
  • ha grunnleggande ferdigheiter til å instruere og kommunisere med kundar

Praksis og arbeidskrav vert vurdert til greidd/ikkje greidd.

Individuell treningsrettleiing organisert som punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar).

I etterkant av treningssenterpraksis skal studenten få tildelt ein kunde/deltakar/brukar. Etter endt praksis treningsrettleiing skal studenten kunne utarbeide treningsprogram, rettleie under trening og styre progresjon i treninga. Praksisrapport skal førast under heile praksisperioden. Studentane skal ha 4 timar rettleiing. Rettleiar disponerer desse timane saman med studentane. I oppsummeringa skal studentane diskutere praksiserfaringar og teoretiske kunnskapar. Praksisrapport skal leverast til godkjenning.
Godkjenning av praksis er lagt til emnet ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv

Institusjonspraksis
Yrkespraksis utgjer 3 veker samanhengande praksis i institusjon i vårsemesteret.
Praksisen er knytt til emnet ID3-211 Førebyggande fysisk aktivitet. Studentane observerer og deltek i treningsopplegget som er på institusjonen. I løpet av praksisperioden skal rettleiar orientera studenten/ane om det daglege arbeidet ved institusjonen og behandling/treningsopplegg dei nyttar for ulike personar. Rettleiar skal gje tilbakemelding til studenten på det arbeidet han gjennomfører.

Etter endt praksis skal studenten:

  • ha tileigna seg kunnskap om korleis ein planlegg og gjennomfører treningsopplegg med brukargruppene
  • forstå kva det vil sei å ha ansvar for dagleg hjelp, støtte og kontakt med brukarane
  • ha forståing for korleis ein i treningsplanlegginga kan dra nytte av den teoretiske kunnskapen ein har tileigna seg i studiet
  • forstå kva som krevst for å arbeide på eit rehabiliteringssenter eller annan institusjon

Studenten skal skrive ein praksisrapport. I etterkant av praksisperioden skal studentane legge fram for sine medstudentar erfaringar dei har tileigna seg i praksisperioden, og diskutere den med sine medstudentar.

Praksis og praksisrapport blir vurdert til greidd/ikkje greidd

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 3. studieår:
All praksis er lagt til emnet ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet.

2 veker valfri praksis innan anten førebygging, helsefremming eller behandling. Praksisen kan vere samanhengande eller organisert som punktpraksis med same omfang.

Etter endt praksis skal studentane kunne planleggje og gjennomføre ulike arbeidsoppgåver der fysisk aktivitet som helsefremmande, førebyggande og/eller behandlande tiltak er fokus.

Studenten skal påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å ønskje seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av høgskulen. Etter endt praksis skal studentane leggje fram praksiserfaring og diskutere problemstillingar i praksisrapporten med medstudentar. Praksisen vert vurdert til greidd/ikkje greidd, der både praksisrapport, gjennomføring og presentasjon må vere greidd.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Ulike pedagogiske læringsformer som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring vert nytta gjennom studiet. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet. 

Vurderingsformer

Studiet inneheld skriftlege, munnlege og praktiske arbeidskrav individuelt og i gruppe. Vurderingsformer for eksamen er mappevurderingar, munnlege og skriftlege eksamenar og praktisk-munnleg eksamen.

Vurderingsformene går òg fram av emneomtalane.

Krav til studieprogresjon

Minimum 90 studiepoeng frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande for å kunne ta emne ID3-302 bacheloroppgåve i Idrett, fysisk aktivitet og helse

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet vårsemesteret i tredje studieår. Høgskulen har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.