Informasjonsteknologi

Bachelor, hausten 2018

Data- og informasjonsteknologi dannar kjernen i mobiltelefonen, kortlesaren i butikken, moderne bilar med meir. Datasystem blir brukt innan dei fleste samfunnsområda, som helse og omsorg, media, handel og energiforsyning. Med ein bachelor i informasjonsteknologi får du ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget.

Utdanninga gir deg god og praktisk kunnskap i utvikling, tilpassing og integrering av moderne programvare, men er ikkje ei ingeniørutdanning.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire studiestadar , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Du lærer

  • korleis datamaskiner fungerer
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • å programmere appar og utvikle store IT-system som for eksempel itslearning og Facebook. Du får også kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling.

Prosjekt- og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar. I bacheloroppgåva skal du (åleine eller saman med fleire) utvikle eit lite datasystem på oppdrag frå næringslivet. Oppgåva kan også utførast utanlands.

IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang. Det er derfor ein fordel om du har interesse og evner innan desse faga, uavhengig av kva slags fagkombinasjon du har frå vidaregåande skule.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid. Studiet stiller krav til god arbeidsinnsats, og du må rekne med å bruke 35-40 timar per veke på studierelatert arbeid.

I nokre emne følgjer du undervisninga frå IT-studiet på campus Bergen via strøyming og filmmodular.

Praksis

I siste studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift i 1/3 av semesteret, og tileigne deg verdifull og relevant erfaring frå arbeidslivet.

Kva kan du jobbe med?

Du vil stå sterkt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse. Du finnn jobbane både i privat og offentleg sektor.

Du kan mellom anna jobbe med:

  • utvikling av programvare for datamaskiner eller appar for nettbrett og mobiltelefonar
  • utvikling av web-baserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
  • programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
  • drift av IT-system i store eller små verksemder
  • innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare
  • utvikling av innovative IT-løysingar for helsesektoren eller olje- og gasssektoren

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorstudium kan du søke opptak til masterstudiet vårt innan programutvikling , eller andre masterutdanningar innan datafag/informatikk.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga. Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa, Australia, New Zealand, USA og Canada.

Sjå korleis det er!