Informasjonsteknologi

Bachelor, hausten 2018

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel i helse og omsorg, nyhende og media og handel og energiforsyning.

I informasjonsteknologistudiet lærer du korleis datamaskiner fungerer, og korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk. Du lærer mellom anna om databasar og web-baserte system, om å programmere appar og utvikle store IT-system, tilsvarande for eksempel itslearning og Facebook. Studiet gir deg også kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire studiestadar , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Utdanninga vil gi deg ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget, men er ikkje eit ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, har studiet eit vesentleg innslag av matematikk og samfunnsfag.

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan:

  • Programutvikling
  • Drift av datasystem
  • Web- og mobilteknologi

Undervisningsmåtar

Dette er ei teknisk utdanning som stillar krav til god arbeidsinnsats. Arbeidsformene som blir vektlagde er førelesningar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver og sjølvstudium, samt gruppearbeid.

Det er viktig å vere merksam på at IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang.

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve (bacheloroppgåva) der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta gis ofte som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Praksis

I siste år av utdanninga kan du velje å ha ein praksisperiode i ei lokal bedrift. Du vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og dette vil gi deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva kan du jobbe med?

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Med utdanning i informasjonsteknologi vil du bli godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse.

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt. Mange arbeider med utvikling av web-baserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorstudium kan du søke plass på mastergradsstudiumet vårt innan programutvikling, eller på andre mastergradsstudium innan datafag/informatikk.

Utveksling

Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa, Australia, New Zealand, USA og Canada. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagt. Utanlandsopphald gjerast normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester.

Kor kan du reise?