Entreprenørskap

Master, hausten 2018

Ta ei utdanning som gir deg ei solid plattform innan innovasjons- og teknologileiing. Slik får du eit utmerka utgangspunkt for ei karriere innan teknologileiing eller prosjektleiing for teknologibedrifter. Du får eit godt grunnlag for å arbeide med ny teknologi, nye produkt og nye arbeidsprosessar. Du kan få spanande arbeidsoppgåver i ulike typar etablerte verksemder, som konsulent for andre, eller du kan starte opp di eiga verksemd.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeider med Universitetet i Oslo (UiO) om masterprogrammet Entrepreneurship.

Masterprogrammet er eit likeverdig samarbeid mellom HVL og UiO, og Universitetet i Oslo er ansvarleg for opptak til studiet. Dette er ein realfagleg master i teknologileiing. Programmet gir ei innføring i teknologileiing, med fokus på innovasjon og ny verksemd. Programmet eignar seg særleg godt for deg som har ingeniørutdanning, men kan også passe for deg som har annan liknande realfagleg bakgrunn.

I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du kan velje mellom tema som er knytte til masteren sine emnemodular.

HVL tilbyr et parallelt masterprogram i Innovasjon og leiing, samfunnsfagleg retning.

Praksis

I to periodar får du arbeide med relevante bedrifter. I 2. semester er du tre månader i Houston i USA, som ein del av Gründerskulen og blir utplassert i ei bedrift. I 3. semester samarbeider du med ei relevant bedrift i Bergensregionen. Undervisninga skjer på vår campus i Bergen, med unntak av utanlandsopphaldet med Gründerskulen

Utveksling

I andre semester inngår kurset i Gründerskulen, med enten eit utanlandsopphald eller eit opplegg i Bergensregionen.

Studieplanen kan tilpassast dine eigne forutsetningar og interesser slik at det i tillegg blir mogleg for deg å nytte deg av andre utvekslingsavtalar ved HVL.