Kommunikasjonsingeniør

Bachelor, hausten 2018

Tar du det som sjølvsagt at du kan snakke i mobiltelefon på bussen eller tvitre på hyttetur?

Ein kommunikasjonsingeniør planlegg, konstruerer og vedlikeheld avanserte system som støttar informasjonsutveksling, monitorering, dataoverføringar og kringkasting.

Kommunikasjonsingeniøren meistrar dei teknologiske utfordringane knytt til kommunikasjonsnettverk, sensornettverk, datainnsamling, telekommunikasjon, nye mobile tenester og generell datateknologi.

Kommunikasjonsingeniørstudiet fokuserer på grunnleggande prinsipp innanfor datanettverk og telekommunikasjon. Studiet dekker sentrale område innan nettverksteknologi, informasjonssystem, digital kommunikasjon og datatryggleik. Fagplanen omfattar også element frå Cisco Networking Academy og gir grunnlag for sertifisering som Cisco Network Associate (CCNA) og Cisco Network Professional (CCNP). Grunnlagsfag i studiet er datateknikk, elektronikk, matematikk, transmisjonsteknikk og systemutvikling.

Undervisningsmåtar

Høgskulen sitt moderne kommunikasjonslaboratorium er utgangspunktet for teoretisk og praktisk tileigning av kompetanse og kunnskap. Vanlege arbeidsformer er forelesningar, praktisk prosjektarbeid og oppgåveløysing.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i grupper på 2-4 personar. Oppgåva blir ofte utført i samarbeid med næringslivet og er ei realistisk ingeniøroppgåve.

Kva kan du jobbe med?

Som ferdigutdanna kommunikasjonsingeniør vil du ha uana karrieremoglegheiter. Kommunikasjon er eit område i vekst. Bedrifter innan alt frå oljeindustri, smarte heimar, mobilnett, miljøovervaking og helse/omsorg har bruk for deg som nyutdanna kommunikasjonsingeniør.

Kommunikasjonsstudiet er framtidsretta og har dei siste ti åra utdanna ei rekke kandidatar som har fått spanande og relevante jobbar i Statoil, Telenor, Siemens, TV2, ABB, Atea, Ceragon, osv.

Vil du studere meir?

Studiet er eit godt utgangspunkt for vidare mastergradstudium, m.a. https://www.hvl.no/kom-master

Kommunikasjonssystem

, som er eit samarbeid mellom HVL og UiO.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med utdanningsinstitusjonar, mellom anna i New Zealand, USA, Danmark og Spania. Det kan leggast særleg til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?