Landmåling og eigedomsdesign

Bachelor, hausten 2018

Har du nokon gong lurt på korleis ein tunnel kan møtast på midten sjølv om ein grev frå kvar side? Eller korleis ei plattform i Nordsjøen får den nøyaktige posisjonen sin langt ute på havet?

Ein landmålar jobbar mellom anna med oppmåling av grenser, utforming av eigedomar, forvaltning av eigedomsinformasjon og avklaring av rettsspørsmål. Landmåling omfattar også måling av store konstruksjonar, som bruer, vegar og bygg.

Nøyaktigheit og presisjon og val av målemetodar og utstyr er sentralt i arbeidet til ein landmålar. Geografiske informasjonssystem og avansert måleutstyr er verktøy som du vil lære å beherske under studiet. Både tekniske og juridiske fag er sterkt representerte under studiet.

Du lærer mellom anna om moderne landmålingsmetodar og -teknologi, og om bruken av lovverk i eigedomsfaget. Du vil også lære om plassering og innmåling av bygg on- og offshore.

Undervisningsmåtar

Undervisninga dekker heile prosessen frå planlegginga av eit bustadområde og fram til eigedomen er registrert i offentlege register. Utdanninga har eit sterkt innslag av informasjonsteknologi og datastøtta læring. Studentane deltar også på feltkurs i landmåling, og besøker domstolane.

Kva kan du jobbe med?

Bachelorutdanninga gir ein kombinasjon av eigedomsfag og tekniske landmålingsfag, som er svært etterspurde. Dei fleste jobbane finn du i private konsulentfirma, kommunar, jordskifteretten, vegvesenet og kartverket.

Utveksling

Det er lagt til rette for studentutveksling i 5. og 6. semester. Du kan reise på utveksling til institusjonar i Spania, Australia, Danmark, Slovenia og Østerrike.

Kor kan du reise?