Barne- og ungdomslitteratur

Master

Master i barne- og ungdomslitteratur vektlegg forskingsmetodiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til barne- og ungdomslitterære tekstar, litteraturdidaktikk og litteraturformidling.

Bergen

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Enten dei tre første åra av ein lærar-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande, med minst 60 sp norsk eller engelsk,
    • eller relevant bachelorgrad og minst 80 sp i norsk, nordisk, litteraturvitskap eller engelsk.

    Karakterkrav: Minst C i snitt i fordjupingsfaget.

    Poenggrense ved forrige opptak

    • 33,1

    Frå 2022 tek vi ikkje opp nye studentar til dette studieprogrammet, men du kan søke opptak til vårt nye masterprogram i kunstfag, som har barne- og ungdomslitteratur som ei av fleire studieretningar.

    Utveksling

    Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i haustsemesteret i 1. studieår.

    Vi har ein ekskursjon til eit sentralt fagmiljø, som for eksempel den årlege The Child and The Book-konferansen som blir arrangert ulike plassar i Europa. På grunn av den pågåande koronapandemien kan denne ekskursjonen bli digital i studieåret 2021/22.