Jordmorutdanning

Master, hausten 2018

Ei jordmor sitt fagområde er først og fremst knytt til svangerskap, fødsel, barseltid og kvinnehelse.

Masterutdanning i jordmorfag skal gjere deg rusta til å gi kyndig oppfølging av gravide, fødande og barselkvinner. Vi har som mål å utdanne sjølvstendige jordmødrer med høg klinisk kompetanse, som kan medverke i forskings- og utviklingsarbeid. Masterutdanninga har fokus på å fremje kvinner og nyfødde barn si helse ved å utdanne jordmødrer om utfordrar og utviklar kunnskap og forståing om kvinners reproduktive helse.

Undervisningsmåtar

Under studiet møter du varierte læringsformer som gruppearbeid, seminar, forelesing, oppgåveskriving, ferdigheitstrening og simulering, samt klinikkundervisning i praksisstudiet. Enkelte teoretisk emne er digitale/nettbaserte. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.

Praksis

Studiet er fordelt mellom 40 veker teori og 40 veker praksis. Studentane har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Deler av praksisen vil også skje ved poliklinikkar og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest: Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde, Stord og Voss.

Kva kan du jobbe med?

Som autorisert jordmor kan du jobbe både nasjonalt og internasjonalt på ulike nivå i helsetenesta. I Noreg vil dette i all hovudsak vere delt mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og ulike private bedrifter. Rådgiving, rettleiing og undervisning utgjer ein viktig del av det å vere jordmor.

Kva blir du kvalifisert for?

Som jordmor blir du kvalifisert til å ta ansvar for dei fysiologiske sidene ved svangerskapet, fødsel og barseltid, samt det friske nyfødde barnet. Fullført utdanning gir rett til autorisasjon som jordmor etter søknad til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell.

Utveksling

Utdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.

Kor kan du reise?