Klinisk sjukepleie - Anestesisjukepleie

Master, hausten 2018

Anestesisjukepleiaren er den første som møter pasienten på operasjonsavdelinga, og den siste som forlet pasienten ved overføring til oppvakningsavdelinga. Ein ser eit auka behov i helsetenesta for sjukepleiarar med spesialkompetanse innan klinisk arbeid, som kan initiere og delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid, undervisning, forskning og helseleiing.

Masterprogrammet har klinisk fagleiing som felles, overordna perspektiv. Det inneber at utdanninga har som mål å utdanne sjukepleiarar som kombinerer klinisk spesialkompetanse og analytisk kompetanse, og som kan gjere sjølvstendige, forskningsbaserte vurderingar og avgjerder i komplekse situasjonar.

Målgruppa for studiet er sjukepleiarar som vil ta mastergrad i klinisk sjukepleie med spesialitet anestesisjukepleie. Sjukepleiararar som ønsker eit kortare studieløp enn mastergrad, vil kunne oppnå kvalifikasjon som anestesisjukepleiar (i samsvar med rammeplanen) etter fullførte 90 studiepoeng.

Undervisningsmåtar

Gjennom studentaktive læringsformer må du ta ansvar for di eiga faglege utvikling og læring, og bidra til godt læringsmiljø for dine medstudentar. Arbeidsformene vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppeaktivitet og problemløysing relatert til praksisnære problemstillingar. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir vektlagt. Det same er formidling av kunnskap gjennom skriving og munnlege framlegg med opposisjon. Du vil lære å søke og bruke best tilgjengelege kunnskap.

Noka undervising blir strøyma, og det blir lagt opp til dialog og samarbeid med studentar på andre campusar.

Praksis

Du kan ta master i klinisk sjukepleie med spesialitet anestesisjukepleie anten i Bergen, Førde eller Haugesund. Studiet og praksis blir gjennomført i den regionen du blir tatt opp i, men det kan bli aktuelt med praksis utanfor regionen.

Kva blir du kvalifisert for?

Med denne utdanninga, kan du ha stillinger i kommune- og spesialisthelsetenesta, og du vil kunne arbeide som spesialsjukepleiar med særskild fagansvar. Du blir også betre kvalifisert til å rettleie og undervise helsepersonell, og du får kompetanse til å vere ein pådrivar for kunnskapsbasert fagutvikling.

Anestesisjukepleiarar arbeider på operasjonsavdelingar ved dei mange sjukehusa i landet, ved ambulanse og legevakt, ved akuttmottak, preoperative poliklinikkar, postoperative avdelingar og på smerteklinikkar. Anestesisjukepleiarane er også ansatt offshore som SAR-sjukepleiarar, i Forsvaret og hos hjelpeorganisasjonar.

Utveksling

Mastergradsstudiet har utvekslingsavtalar knytt til ulike Nordplus-nettverk, og har samarbeidsavtalar med institusjonar i Sverige, Danmark, Island og Færøyene.