Klinisk sjukepleie - Intensivsjukepleie

Master, hausten 2018

Ein pasient som blir akutt og kritisk sjuk treng intensivsjukepleie heile døgnet. Gjennom studiet i intensivsjukepleie får du tileigne deg kunnskap og utvikle kompetanse for å kunne ta ansvar for dei akutt og kritisk sjuke pasientane.

Ein ser eit auka behov i helsetenesta for sjukepleiarar med spesialkompetanse innan klinisk arbeid, som kan initiere og delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid, undervisning, forskning og helseleiing. Masterprogrammet har klinisk fagleiing som felles, overordna perspektiv. Det inneber at utdanninga har som mål å utdanne sjukepleiarar som kombinerer klinisk spesialkompetanse og analytisk kompetanse, og som kan gjere sjølvstendige, forskningsbaserte vurderingar og avgjerder i komplekse situasjonar.

Målgruppa for studiet er sjukepleiarar som vil ta mastergrad i klinisk sjukepleie med spesialitet intensivsykepleie.

Sjukepleiarar som ønsker eit kortare studieløp enn mastergrad, vil kunne oppnå kvalifikasjon som intensivsjukepleiar (i samsvar med rammeplanen) etter fullførte 90 studiepoeng.

Undervisningsmåtar

Gjennom studentaktive læringsformer må du ta ansvar for di eiga faglege utvikling og læring, og bidra til godt læringsmiljø for dine medstudentar. Arbeidsformene vekslar mellom forelesningar, seminar, gruppeaktivitet og problemløysing relatert til praksisnære problemstillingar. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir vektlagt. Det same er formidling av kunnskap gjennom skriving og munnlege framlegg med opposisjon. Du vil lære å søke og bruke best tilgjengelege kunnskap.

Noka undervising blir strøyma, og det blir lagt opp til dialog og samarbeid med studentar på andre campusar.

Praksis

Du kan ta master i klinisk sjukepleie med intensivsykepleie som spesialitet anten i Bergen, Førde eller Haugesund. Ved opptak velger du først spesialitet og så region. Studiet og praksis blir gjennomført i den regionen du blir tatt opp i, men det kan bli aktuelt med praksis utanfor regionen.

Kva blir du kvalifisert for?

Intensivsjukepleiarar arbeider på intensiv-, overvakings-, postoperativ-, intermediær- og nyfødtintensivavdelingar, AMK-sentralar og akuttmottak. Aukande grad av avansert medisinsk behandling, gjer at intensivsjukepleiarar også er aktuelle som konsulentar og arbeidstakarar innanfor fleire område i helsetenesta, både nasjonalt og internasjonalt.

Med denne utdanninga blir du kvalifisert til å ha stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta, og du vil kunne arbeide som spesialsjukepleiar med særskild fagansvar. Du blir også betre kvalifisert til å rettleie og undervise helsepersonell, og du får kompetanse til å vere ein pådrivar for kunnskapsbasert fagutvikling.

Utveksling

Mastergradsstudiet har utvekslingsavtalar knytt til ulike Nordplus-nettverk, og har samarbeidsavtalar med institusjonar i Sverige, Danmark, Island og Færøyene.