Psykisk helse- og rusarbeid

Master, hausten 2018

Mastergradstudiet i psykisk helse- og rusarbeid gir deg auka kunnskap, toleranse og forståing for problem som menneske med rusproblem og psykiske lidingar har.

Mastergradstudiet i psykisk helse- og rusarbeid er eit tverrfagleg studium som skal bidra til å løyse kompetansebehovet i helse- og sosialtenestene. Studiet vektlegg god fagleg samhandling med brukarar og pårørande. Du vil få trening i å tenke tverrfagleg og bli inspirert til å bruke nye arbeidsmetodar. Viktige tema er rus, vald, immigrasjon, fattigdom, traumatisk sorg og krise, tap av arbeid og å leve med alvorleg psykisk diagnose.

Masterutdanninga kan tilby eit engasjerande og tverrfagleg forskingsmiljø på høgt nivå. Du får nær kontakt med yrkesutøvinga gjennom praksis i løpet av studiet, og ved at ressurspersonar frå praksisfeltet blir brukt som timelærarar. I tillegg vil du få moglegheit til å bli involvert i pågåande forsking.

Målgruppa for studiet er helse- og sosialarbeidarar som ønsker å heve kompetansen for å arbeide med menneske som har psykiske lidingar, rusproblem og som også vil kvalifisere seg innan forskings- og utviklingsprosjekt. Master i psykisk helse- og rusarbeid kvalifiserer også til opptak på p.hd. innan feltet.

Om du er tilsett i ein kommune, kan arbeidsgjevaren din søke Fylkesmannen om tilskot til dekking av lønnsutgifter i samband med denne utdanninga.

Undervisningsmåtar

På studiet er det både praktisk og akademisk trening; forelesningar, gruppearbeid, seminar, e-læring, skriftlege arbeide, ferdigheitstrening, praksisstudium og prosessorienterte rettleiingsgrupper.

Utdanninga er treårig, med 60 studiepoeng første år som fulltidsstudium, og dei siste 60 studiepoenga fordelt på dei to siste åra som deltidsstudium. Undervisninga skjer på vekesamlingar på høgskulen dei to siste åra. I tillegg kjem sjølvstudium og oppgåver mellom samlingane.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid knytt til eit sjølvvalt tema, eller pågåande forsking. I oppgåva fordjupar du deg i psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.

Praksis

Praksis skjer i andre semester og varer i 9 veker.

Kva blir du kvalifisert for?

Når du har gjennomført masterutdanninga i psykisk helse- og rusarbeid, er du kvalifisert til å arbeide med menneske som slit med psykiske lidingar og rusproblematikk. Du kan arbeide både i kommunal helse- og sosialteneste, spesialisthelsetenesta eller ulike private bedrifter.

Utveksling

Mastergradstudiet har avtalar om utveksling med Tanzania, Kings College i London og Charles University i Praha, Tsjekkia.