Undervisningsvitskap

Master, hausten 2018

Dette mastergradstudiet handlar om å studere undervisningspraksis, og om å utforske vilkår for læring og danning med fokus på matematikk, norsk, engelsk eller pedagogikk.

Du må ha 60 sp som grunnlag i fordjupingsfaget du vel. Vel du pedagogikkfordjuping, må du i tillegg ha minst 30 sp i norsk, engelsk eller matematikk. GLU-studentar som startar på master som 4. år og vel pedagogikk fagfordjuping, vel norsk, engelsk eller matematikk som fagfordjuping 2. semester og tar pedagogikk som fagfordjuping i 3. semester.

Tar du master som del av lærarutdanninga di, og som vel fordjuping i matematikk eller engelsk, kan du få sletta inntil 50 000 kroner av gjelda i Lånekassa.

Undervisningsmåtar

Undervisninga skjer som førelesningar, seminar, gruppearbeid, felles prosjektarbeid, eigne litteraturstudium og individuell rettleiing. Nokre av seminara er obligatoriske. Undervisningsspråk er norsk og engelsk.Det er forventa at du sjølv tar ansvar for framdrifta i arbeidet med masteroppgåva.

Praksis

15 dagar praksis i grunnskulen inngår i første år av studiet. Datainnsamling og dokumentasjon til masteroppgåva vil kunne hentast inn frå praksisfeltet.

Kva kan du jobbe med?

Studiet kvalifiserer for undervisningsarbeid på trinna 1.-7. eller 5.-10., avhengig av kva utdanning du har ved opptak, og for arbeid i offentleg forvaltning innanfor utdanningssektoren. Det kan også gi opptak til vidare forskarutdanning.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i samband med dei fagdidaktiske fordjupingane i emne 4, vanlegvis i haustsemesteret i 2. studieår. Matematikk fordjuping har avtale med Stockholms Universitet. Engelsk fordjuping har avtale med York og San Diego State University, California State University.

Kor kan du reise?