Climate Change Management

Master, hausten 2018

Klimaendringane dei siste åra, med ekstremvêr, flaum, skred og vindskade, har ført til eit stort behov for personar med både miljø- og naturvitskapleg kunnskap og praktisk planleggingskompetanse. Denne masteren er utvikla for å møte dette aukande samfunnsbehovet.

Studiet gir deg eit solid fagleg grunnlag til å vurdere, planlegge og gi råd om korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Vi ser på klimatilpassing utfrå både eit naturvitskapleg og eit samfunnsvitskapleg perspektiv.

Sogndal er eit ideelt laboratorium for å studere klimaendringar, med kort veg til isbreane og skred- og flaumutsett terreng.

Du lærer om

  • klimamodellar og klimaprojeksjonar, og korleis ein kan nytte desse til å analysere og vurdere moglege framtidsscenario
  • nasjonal og internasjonal klimapolitikk og korleis politikken fungerer i praksis
  • korleis klimaendringar påverkar arter, samfunn og økosystem
  • korleis samfunnet kan legge om energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei meir miljøvenleg retning
  • korleis ein kan ta omsyn til skred, flaum og overvasshandtering (klimatilpassing) i arealplanlegginga
  • strategiar, tiltak og verkemiddel for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, tverrfagleg arbeid i grupper, seminar med framlegg og diskusjon, individuell fordjuping og ulike typar sjølvstendig skriftleg arbeid.

All undervisning foregår på engelsk.

Kva kan du jobbe med?

Kompetansen din vil vere etterspurd både i privat og offentleg sektor, til dømes innan kommunar, ulike statlege etatar og kraftbransjen.

Eksempel på arbeidsområde:

  • Utvikle strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar.
  • Utvikle planar for kva areal som skal brukast til veg, jernbane og bustader for å unngå skadelege effektar av flaum, skred og liknande.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. Du kan skrive masteroppgåva di i utlandet i 4. semester ved ein av institusjonane vi har avtale med.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!