Organisasjon og leiing

Master, hausten 2018

Ønskjer du ei leiar- eller administrasjonsstilling innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren? Master i organisasjon og leiing er ei yrkesnær leiarutdanning.

Ut frå utdanningsbakgrunnen din vel du spesialisering innan helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing.

Du lærer

  • å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
  • korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
  • korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren

I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.

Spesialisering helse- og velferdsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Spesialisering utdanningsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.

Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.

Kva kan du jobbe med?

  • Leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren.
  • Administrative stillingar som krev kunnskapar om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar.
  • Sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren.