Kreative fag og læreprosessar

Master, hausten 2018

Masterprogrammet i Kreative fag og læreprosessar er retta mot deg som har lærarutdanning, barnehagelærarutdanning eller bachelor med fordjuping i kunst og handverk, musikk, norskdidaktikk og andre estetiske emne.

I studiet arbeider ein praktisk og teoretisk med prosessar knytt til estetikk, kreativitet, fagdidaktikk og kunstnarisk produksjon. Studiet er organisert i fagprofilar og og kan gjennomførast på både heiltid og deltid. Du kan velje mellom desse fire fagprofilane:

Masterprogrammet er samlingsbasert. Fulltidsstudentar deltek på fem tredagars  samlingar i semesteret første studieår, medan studentar som tek studiet på deltid møter på tre samlingar per semester dei to første åra. I siste studieår er det lagt inn to samlingar kvart semester. Arbeidet i studiet er organisert gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid, utstillingar, konsertar og framsyningar.

Samlingar masterstudier Stord 2018/19

2018

Oppstartssamling

Kull 2018: 29.-31.8. (uke 35)

Kull 2017: 29. - 31.8.

Profilsamling I Kull 2018: 10.-12. september

Vitskapsteori og metode - samling veke 43

Kull 2018: 22.-24.oktober

Kull 2017: 23.-25.oktober

Profilsamling II 12.-14. november (uke 46)

Eksamenssamling 10.-12.des (uke 50)

2019

Kull 18

Akademisk skrivesamling: veke 2

Kull 2018: 9.-11.januar

Profilsamling III, 4.-6. februar, uke 6

Profilsamling IV 6.-8. mars, uke 10

Forskingsskissesamling: veke 14

Kull 2018: 1.-3.april

Eksamenssamling uke 23:

Kull 2018 3.-6. 6. (2 dager profil, 2 dager fellesemne)


Kull 17

Analysesamling veke 3

18. januar

Analysesamling, del 2, veke 12

18.-20.mars


Undervisningsmåtar

Studiet gir til saman 120 studiepoeng. Fagprofilen utgjer 75 studiepoeng, inklusive den avsluttande masteroppgåva. Dei resterande 45 studiepoenga (fellesemnet) omfattar studie av vitskapsteori og metode, kreative og estetiske læreprosessar, akademisk skriving, tekstanalyse, kunstnarisk utviklingsarbeid og førebuing til arbeidet med masteroppgåva.

Studentane kan velje mellom å utarbeide ei masteroppgåve med hovudvekt på fagdidaktiske problemstillingar eller kunstnarisk produksjon. Masterstudiet samarbeider tett med ulike forskingsprosjekt ved HVL, både gjennom ulike undervisningsopplegg i fagprofilar og fellesemnet, og i enkelte tilfelle i arbeidet med masteroppgåva.

Kva kan du jobbe med?

Studiet er eit fagleg studium på høgare nivå for pedagogar/lærarar/ kulturarbeidarar og gir lektorkompetanse dersom studentane tidlegare har gjennomført lærarutdanning/PPU.

Fullført mastergradsstudium gir grunnlag for å arbeide aktivt med forsking og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudier ved nasjonale og internasjonale lærestadar.

Utveksling

Dei estetiske fagmiljøa ved HVL har eit stort internasjonalt nettverk. Dette kjem studentane til gode gjennom moglege studietur til samarbeidande fagmiljø. Lengre utanlandsopphald kan vere ein godkjent del av studiet dersom det tilfredsstiller studieplanen sine krav.