Mariningeniør

Bachelor, hausten 2018

Som marinteknikkingeniør utviklar du nye, miljøvennlege skip, undervassfarkostar og alle typar offshoreinstallasjonar for havbruk og energisystem.

Den lange kysten vår spelar ei avgjerande rolle for verdiskapinga i landet vårt, og Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, oljeplattformer og oppdrettsanlegg.

Marinteknikkingeniørens fremste oppgåve er å berekne hydrodynamiske krefter for å kunne designe skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på en sikker måte.

Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte.

Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen, mellom anna får du gjere oppgåver i samarbeid med bedrifter.

Undervisningsmåtar

Studiet tek i bruk dataverktøy til design, utrekning og konstruksjon. Høgskulen har også ein 50 meter lang modelltank, MarinLab, som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. Tanken blir både brukt i undervisning og i bacheloroppgåver i samarbeid med industri.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Skipsdesignselskap, reiarlag, verftsindustrien, offshoresektoren, klassifikasjonsselskap og offentlege etatar er berre nokre av de tradisjonelle bransjane som tilset ingeniørar med fagkrins innanfor marinteknikk. Nye bransjer er oppdrettsnæring og fornybar energi sektoren.

Vil du studere meir?

Hvis du ikkje vil søke arbeid direkte, fortsetter mange av våre studenter på marintekniske masterstudier, hovedsaklig ved NTNU og Strathclyde. Det blir også mulig med masterstudie i havteknologi ved UiB der HVL og UiB samarbeider i stor grad.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Danmark og Storbritannia.

Kor kan du reise?