Samhandling innan helse- og sosialtenester

Master, hausten 2018

Ønskjer du å tileigne deg kunnskap om tilrettelegging og koordinering av tenester for brukarar med samansette behov? Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer dette masterstudiet på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester.

Du lærer å

  • analysere problemstillingar i samhandling med brukarar med samansette behov
  • vere brukar-, ressurs- og løysingsorientert i utvikling og gjennomføring av individualiserte tilbod
  • skape og leie fleirfaglege tiltak på tvers av etatar
  • forstå og forhalde deg kritisk til eksisterande kunnskap i lys av grunnleggjande verdiar som respekt og retten til å bestemme sjølv

Studiet er eit samarbeid mellom fagmiljøa på campus Sogndal og Førde innan idretts-, helse- og sosialfag.

Frå og med hausten 2018 legg vi om utdanninga frå tre til fire år. Studieplanen for studieåret 2018/2019 vil dermed vere noko annleis enn for inneverande studieår.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, case og fleirfaglege refleksjonsgrupper. Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

Studiet er samlingsbasert, med rundt tre samlingar á 4-5 dagar per semester i Førde. Vårsemesteret 2019 vil samlingane foregå i Sogndal.

Kva kan du jobbe med?

  • Rådgiving, tilrettelegging, koordinering av tenester og folkehelsearbeid til utsette brukargrupper i kommunar, Nav og helseføretak
  • Prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid, kvalitetssikringsarbeid/ forbetringsarbeid og liknande
  • Klinisk samhandling med brukarar med samansette og langvarige behov innan helse- og sosialsektoren
  • Arbeid med barn og unge og deira familiar

Timeplan

  • Samlingar hausten 2018: 27.-29.8 / 2.- 4.10 / 20.- 22.11
  • Samlingar våren 2019: 4.- 5.2 / 11.-15.3 / 1.- 3.4

Med atterhald om endringar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.

Kor kan du reise?

Storbritannia og Nord-Irland | Bournemouth University