PC-skjerm som viser bilde av mange bøker. Bokhyller i bakgrunnen

Norsk 1, 1-7

Etter- og vidareutdanning

Denne vidareutdanninga og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1.-7. trinn.

Leira

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærerutdanning (grunnskole-/allmennlærer, faglærer, barnehage-/førskolelærer eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være ansatt som lærer i en kommune i Hallingdal.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere Norsk 1?

    I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.

    Kva lærer du?

    • Den første og andre lese- og skriveopplæringa
    • Talemål og skriftspråk
    • Barne- og ungdomslitteratur
    • Elevtekstar

    Studiet inneheld to modular:
    Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

    Målgruppe

    Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.-7. trinn og som bur i Hallingdal.

    Undervisningsform

    Kurset er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagarssamlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.

    Samlingsdatoar

    Veke 36: 3.9 og 4.9
    Veke 41: 8.10 og 9.10
    Veke 46: 12.11 og 13.11
    Veke 3: 14.1 og 15.1
    Veke 9: 25.2 og 26.2
    Veke 14: 01.04 og 02.4

    Tilrådd forkunnskap

    Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skule.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart, vi rådar deg til å starte med grunnlitteraturen før det:

    • Bjerke, C. og Nygård, M. (red.) (2021). Norskboka 2. Universitetsforlaget.
    • Breivega & Selås (red.) (2018). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. Det Norske Samlaget.
    • Nygård, M. og Bjerke, C. (red.) (2021) Norskboka 1. Universitetsforlaget.
    • Seierstad Stokke, R. og Seip Tønnessen, E. (2022). Møter med barnelitteratur - introduksjon for lærere. Universitetsforlaget.

    Eksamensform

    Haust:

    7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha to oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50 prosent og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.

    Vår:

    Mappevurdering: Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.

    Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Vikar- eller stipendordning kan du søke gjennom Udir.

    Andre interessante studietilbod

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærar? Her er oversikta over vidareutdanningar innan ordninga «Kompetanse for kvalitet» frå Høgskulen på Vestlandet.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs