Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge

Kull hausten 2018

Utdanninga skal gje auka kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. Utdanninga skal utvikle ferdigheiter i å identifisere og intervenere i høve psykososiale belastningar i nærmiljøet. Utdanninga skal og gje kunnskap om nærmiljøet sine støttande funksjonar i forhold til den psykiske helsa til barn og unge i alderen 0-23 år og utvikle ferdigheiter knytt til å styrke barn og unge sin familie og sosiale nettverk. Studiet omhandlar spørsmål knytt til sped- og småbarn, barn i skulealder, ungdom og unge vaksne.

Utdanninga har fokus på tre hovudområde:

  1. Utvikle kunnskap og kompetanse i tråd med barn og unge sine behov, og gjennom dette bidra til å vidareutvikle tenestetilboda i kommunane. Målet er auka kunnskap og beredskap i skular, barnehagar, helse og omsorgstenester, NAV, barnevernet, politietat og kultur- og fritidstilbod.
  2. Betre samarbeid og koordinering av tenestene. Utdanninga vil gje auka kompetanse i det tverrfaglege psykososiale arbeidet med barn og unge i dei lokalbaserte tenestene. Kompetanse knytt til samarbeid og koordinering av tenestene blir vektlagd.
  3. Meistringsfokus, haldningar og brukarmedverknad. Utdanninga er forankra i helsefremjande tenking, og skal vidareutvikle deltakarane sin evne til å styrke barn og unge sine eigne ressursar og muligheiter til å meistre utfordringar i livet. Utdanninga tek sikte på å auke deltakarane sin kunnskap om nærmiljøet sine støttande funksjonar i høve barn og unge sin psykiske helse, og utvikle ferdigheiter knytt til å styrke barn og unge sine familiar og nærmiljø. Utdanninga har i særleg grad fokus på etikk og haldningsdanning hos studentane.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha det totale læringsutbyttet definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Etter fullført studium har / kan kandidaten

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om grunnleggande vilkår for å fremje vekst og læring hos barn og ungdom
  • inngåande kunnskap om kognitiv, sosial og emosjonell utvikling hos barn og unge
  • inngåande kunnskap om psykososiale vanskar og lidingar, og om virksame intervensjonar hos barn og unge
  • inngåande kunnskap om beskyttelses- og risikofaktorar for psykisk helse blant barn og unge
  • inngåande kunnskap om korleis sosiale problem, rusmiddelmisbruk og psykiske lidingar i barn og ungdom sine nære omgjevnader verkar på deira utvikling
  • inngåande kunnskap om kva konsekvensar krenking, vald og traumer mot barn og ungdom kan ha for deira utvikling og helse
  • inngåande kunnskap om helsefremjande og sjukdomsførebyggande psykososialt arbeid med barn og ungdom i eit tverrfagleg perspektiv
  • inngåande kunnskap om betydinga av kommunikasjon og eigen veremåte for barn og unge si sjølvkjensle, og for samhandling med barn og unges familie og sosiale nettverk
  • inngåande kunnskap om forhold i familien og i lokalsamfunnet som kan ha betyding for barn og ungdom sine evner til å meistre psykososiale utfordringar
  • inngåande kunnskap om etiske utfordringar i arbeid med familiar med barn og unge, og deira sosiale nettverk
  • inngåande kunnskap om brukarperspektivet og betydinga av myndiggjering og meistring i psykososialt arbeid med barn og unge
  • inngåande kunnskap om lokalt tenestetilbod og om sentrale føringar og lovverk for oppbygging og organisering av tenestetilbodet til barn og unge
  • inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode

Ferdigheiter

  • analysere og vurdere ulike faktorar som verkar inn på psykososiale behov hos barn og unge
  • nytte helsefremmande strategiar i arbeid med barn og unge og deira familiar
  • anvende relevante forskrifter og lovverk
  • gå inn i krevjande situasjonar som krev tiltak, og samhandle med barn og unge og deira familiar
  • analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglige resonnement
  • kommunisere med barn, unge, deira familiar og samarbeidspartar for å sikre reell brukarmedverknad og gode løysingar for barn og unge
  • skape møteplassar for born og unge i samarbeid med frivillige organisasjonar og på tvers av offentlege tenestetilbod
  • vidareutvikle tilgjengelege, fleksible og heilskaplege tenester
  • kritisk reflektere over eige bidrag og kompetanse i tverrfaglege samarbeid og korrigere eigen åtferd og haldningar i samhandling med brukarar og samarbeidspartar til det beste for barn og unge

 

Generell kompetanse

  • nytte anerkjende metodar og sette i verk intervensjonar som fremmer barn og unge si psykiske helse
  • medverke til utvikling av lokalsamfunnet si evne til å sette i verk støttande funksjonar i høve barn og unge si psykiske helse og til å styrke barn og ungdom og deira familie og nettverk
  • evaluere og vurdere tiltak
  • god evne til å formidle kunnskap og ferdigheiter både på eigen arbeidsplass og elles i samfunnet
  • analysere relevante fag-, yrkes - og forskingsetiske problemstillingar

Arbeidsformer

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium og går over 2 år. Det er lagt opp som vekesamlingar, jamt fordelt gjennom kvart semester. Det vert lagt vekt på å nytte varierte arbeidsformer som førelesning, rollespel, video, rettleiingsgrupper, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav, teorigrupper/ kollokviegrupper. HVL nyttar Canvas som elektronisk læringsplattform. Dersom forholda ligg til rette for det, vil me leggje opp til ein frivillig studietur til utlandet.

Arbeidskrav

  • 75 % obligatorisk frammøte til undervisning og 100 % obligatorisk frammøte til grupperettleiing.
  • Det skal leverast skriftleg arbeidskrav i kvart emne. Desse vert gjort greie for i emneomtalane.

Vurderingsformer

Sluttvurdering er nærare gjort greie for i emneomtalane.

Organisering

Vidareutdanninga er bygd opp av 4 hovudemne, i tillegg til vitskapsteori, metode og etikk:

1. semester

Psykisk helse hos barn og ungdom, 15 studiepoeng

Dette emnet gjev kunnskapar om psykisk helse hos barn og unge, og viktige føresetnader for å vidareutvikle og betre barn og ungdom sine evner til å meistre livskriser og psykososiale belastingar. Her skal undervisninga ta føre seg både generell utviklings-i og barndomspsykologi og psykiske plager og lidingar hos barn og unge fram til vaksen alder.

2. semester

Kompetanse og tenesteutvkling i psykososialt arbeid med barn og unge, 7,5 studiepoeng

Fokus i dette emnet er retta mot utvikling av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praksis og forholdet mellom desse. Emnet er knytt tett opp til refleksjon og rettleiing over eigen praksis og konkrete utviklingsprosjekt på arbeidsplassen. Emnet Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge går også inn i dei andre emna, og strekker seg gjennom begge studieåra.

Vitskapsteori, metode og etikk, 7,5 studiepoeng

Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt og forsking innan Psykisk helse- og rusarbeid og psykososialt arbeid med barn og unge spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt blir planlagd, gjennomført og formidla i vitskaplege publikasjonar, er særskilt vektlagt.

3. semester

Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom, 15 studiepoeng

Dette emnet omhandlar tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og skal gje kunnskap om korleis kommunane organiserer tenestetilboda til barn og ungdom, og korleis ulike samarbeidsstrukturar hemmar eller fremjar vilkår for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar.

4. semester

Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma, 15 studiepoeng

Emnet gjev kunnskap om ulike strategiar og tilnærmingsmåtar i det psykososiale og helsefremjande arbeidet med barn og unge. Her blir studentane utfordra på å finne fram til eigne fagteoretiske perspektiv, metodar og etiske utfordringar, og vil få vidareutvikla teoretisk og praktisk handlingskompetanse.

Emnet har også fokus på kunnskap om barn og barndom som sosiale og historiske konstruksjonar med medfølgande foreldreskapskonstruksjonar. Dette er avgjerande for å kunne ha eit etisk/kritisk perspektiv på aktuelle strategiar og metodar, og for å kunne bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i tenester til barn og unge.